3360 Views

Fasinerande padletur i djupe fjordar

Sist sommar var eg var så heldig å få vere med som assistent på Njord sin tur; ”Fjord Explorer”. Turen går over dagar med start i Flåm, og med avslutning i Gudvangen. Sidan eg trong fleire tips og erfaring når det gjeld pakking og rutinar på tur, ville eg gjerne ha med meg dette.

April 11, 2012
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Oppmøte var fredag morgon i Flåm. Deltakarane fekk informasjon om turen, og fekk utdelt utstyr dei trong. Det var åtte deltakarar, i tillegg til turleiar Ervin Merja frå Njord, og eg. Det var fire frå Frankrike, to amerikanarar og to tyskarar. Etter informasjonsøkta, var det i gong med grunnleggjande padleteknikk og redningskurs.

 

Køyrer kurs før start

Alle deltakarane måtte i vatnet, og dei fekk prøve å redde kvarandre med doble kajakkar. Det var nokre som kvidde seg for dette, men alle klarte seg fint. Og alle kom seg oppatt i kajakkane, utan problem. Dei fekk også oppleve kva som kan skje viss ein ikkje er nøyaktig med å stengje lukene skikkeleg. Det er flott at Njord køyrer eit slikt kurs på starten av ein slik tur. Alle får trene på å gå rundt og kome seg opp att, under trygge forhold. Og frykta for å tippe rundt i løpet av dei tre neste dagane, vert redusert. Deltakarane kan også få utdelt våttkort etter denne økta om dei ynskjer det. Det som vart gjennomgått på redningskurset, er pensum på introkurset til Norges padleforbund.

 

 

På veg ut Aurlandsfjorden.

 

Etter redningsøvinga, var det på land att for å fordele bagasjen som skulle vere med. Ervin fortalde litt om pakking i kajakk og deltakarane måtte sjølve fordele tinga som skulle vere med. Allereie no var det klart at samarbeid og omsyn til dei andre, var viktige moment under heile turen.

 

Til Otternes

Så var det berre å starte padlinga. For deltakarane gjekk den første delen av Aurlandsfjorden med til å finne ut av dette med ror, svinging og samarbeid i dobbel kajakk. Etter ei stund hadde dei fleste ein god retning på båtane. Første stopp på vegen ut fjorden, var ved Otternes bygdetun. Eit tun som består av i alt 27 småhus i ei tett klynge. Dei eldste husa er heilt tilbake frå 1700- talet.

 

 

På veg mot Bakka.

 

Vidare bar padlinga utover fjorden preg av ro, og ein tanke om at opplevingane skulle synke inn i kvar einskild, utan alt for mykje informasjon og meldingar frå turleiar. Turleiaren brukte denne første delen til å observere gruppa. Etterkvart som vi kom forbi Aurland, vart det ein ganske trolsk stemning på fjorden. Skyene og skoddedottane hang nedover fjellsidene. Veret på turen var svært skiftande, noko som gav interessante lystilhøve.

 

Vakre Undredal

Fossane nedover fjellsidene var ein sjølvsagt stopp for turistane. ”Norwegian waterfalls” er jo noko som ein turist MÅ sjekke ut. Etter ei stund fekk vi Undredal på venstre side. Der var ny stopp, og informasjon om staden, ei bygd der det er fleire geiter enn menneske. Undredal er kjend for produksjon av geitost. Det siste stykket mot Stokko, som var leirstaden vår den første natta, vart padla i bra tempo. Folk var no klare til å kome seg i land.

 

 

Undredal.

 

Etter at kajakkane vart dregne opp, starta deltakarane med å setje opp telta. Ervin gjekk i gong med matlaginga. Han hadde med mat til ti personar, for tre dagar. Frukost, lunsj og middag. Dagens rett var kylling med grønsaker og ris. Med saus og diverse krydder, vart dette ein festrett.

 

Velsmakande mat

Det var imponerande å sjå korleis han hadde førebudd alle måltida. Grønsaker var ferdigkutta, og pakka i lufttette posar. Og menyen vart tilpassa haldbarheita til dei ulike matvarene. I tillegg var alt av utstyr, organisert i pakksekkar med ulike fargar. På denne måten var det raskt å finne fram det ein skulle ha. Maten var variert og smakte svært godt. Det var også rikeleg, slik at alle kunne ete seg mette. Etter maten måtte deltakarane hjelpe til med opprydning og oppvask. Det var viktig for turleiaren at leirstaden skulle forlatast i den stand den var då vi kom. Alt søppel vart samla opp, og teke med.

 

 

Middagslaging på Stokko.

 

Det vart tend bål på staden, som raskt vart ein naturleg samlingsstad. Praten gjekk om turen og om livet elles. På desse turane møtes menneske frå heile verda. Og sjølv om nokre ulikskapar kjem fram, er det fint å sjå kor like vi menneske eigentleg er, trass alt. Ved bålet den kvelden, vart det teke ei avgjerd om at det skulle verta fjelltur til Beitelen neste dag. Gruppa var klar for dette.

 

 

Ervin trylla fram mykje god mat på turen.

 

Opp til Beitelen

Neste dag stod vi opp klokka seks, for å få tid nok til fjellturen. Etter frukost, padla vi det vesle stykket bort til Stigen.  Vi fortøyde kajakkane, og gjekk opp forbi Stigen og vidare opp til Beitelen. Vegen opp til Stigen er ein attraksjon i seg sjølv, der den buktar seg oppover dei stupbratte fjellsidene. Etter ein liten matpause på garden Stigen, gjekk vi vidare oppover til Beitelen, som ligg på 675 moh. På toppen kunne vi sjå inn Nærøyfjorden, og ut Aurlandsfjorden. Utsikta var fantastisk! Og det var artig å tenkje på at vi skulle padle der nede, om berre nokre få timar.

 

 

På veg opp til Stigen.

 

Så bar det ned att til kajakkane, og padlinga heldt fram rundt Beitelen og innover mot Dyrdal. Vi kryssa fjorden i tett formasjon nokre gonger for å vise turistane den mest interessante sida av fjorden, men også for å vere mest mogleg ut av vegen til småferjene og andre båtar. Sikkerheita var godt ivareteken på heile turen. På denne turen var det folk som aldri hadde padla før, og dei hadde all grunn til å kjenne seg trygge undervegs. Turistane fekk det privatlivet dei ville ha, samstundes som dei vart passa godt på av turleiaren.

 

Portal til verdensarv

Lunsj vart innteke på fjorden ved Solaløyse, ein stad der sola aldri skin uansett kvar den står på himmelen. Vi danna ein flåte, og Ervin serverte mat frå sin eigen kajakk. Etter ein fjelltur og ein par timars padletur, smakte det godt med mat no. Det siste stykket til leirstaden Odnes, vart padla med flott landskap som kulissar. No var vi ved portalen til den mest spektakulære og trongaste delen av Verdsarvområdet; Nærøyfjorden.  Namnet ”Nærøy” kjem frå havguden Njord, og er eit område med unik geologi, biologi og landskap. Stein- og snøras er vanleg i dette området, og då særleg på vinteren og våren.

 

 

Turfølgje med Aurlandsfjorden i bakgrunnen.

 

Leirstaden på Odnes er perfekt for padlarar. Ei fin strand og flat mark, godt eigna til telting. Telta vart sett opp, og nokre av dei modigaste tok seg ein dukkert i sjøen. Ervin var allereie i gong med maten. Eigenkomponerte potetkaker med ost og tomat til forrett, og laks og pasta til hovudrett. Bål vart tent også her, og det vart ein kveld med mykje prat. No var deltakarane begynt å bli godt kjende med kvarandre. Ei roleg stemning rådde i heile turfølgjet.

 

Søndag vart det ein fantastisk morgon med sol og nokre få skydottar som hang att nedover fjella. Etter ein frukost med egg, bacon og toast, var det tid for litt oppvarming. Vi samla oss på marka og hadde diverse leikar.

 

Fasinerande fjord

Så var det rydding og pakking, før vi starta padlinga att. Den siste delen inn mot Gudvangen, er kanskje den mest fasinerande av alle. Vi kryssa over til Bakka, og fekk fortalt historier frå eldre tider frå denne staden. Etterkvart fekk vi problem med roret på eine doble kajakken, noko som gjorde den vanskeleg å styre for dei som padla den. Etter litt forsøk på reperasjonar, fann vi ut at det beste var å slepe denne innover. Det var heldigvis berre eit par kilometer att til målet vårt.

 

 

Morgonstund ved Odnes.

 

Så var turen over. Liselotte frå Njord møtte oss i Gudvangen med bil og hengar. Utstyret vart lasta på hengaren, og turen gjekk tilbake til Flåm. I bilen vart det servert lunsj til alle. Etter ei evalueringsøkt og utdeling av våttkort, var den flotte tredagarsturen i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden over. Litt vemodig å seie farvel til folk du har vore tett saman med i tre dagar.

 

 

Stigen gard.

 

 

Kven passar denne turen for?

Dei fleste som er med på slike turar er turistar frå USA og mellom-Europa. Men dette er ein tur som kan passa fint for nordmenn også. Spesielt for dei som kvir seg for å gje seg i kast med ein slik tur åleine. I prisen du betalar er det med all mat og padleutstyr for tre dagar. Det einaste deltakarane treng å ta med, er liggeunderlag, sovepose, sko og klede. Etter å ha delteke på redningskurset i starten av turen, får du utdelt våttkort frå NPF. På turen får du oppleve mykje i lag med andre menneske frå andre land. ”Fjord Explorer” er ein tur som inneheld ein fjelltur også. Noko eg syns var spesielt interessant. Du kan sjå kongeørn og sjøpattedyr som oter og sel, i løpet av turen.  Padleturen går stort sett i roleg sjø, men noko bølgjer frå anna båttrafikk, må ein rekne med. Meir info om Njord, og om denne turen finn du her: http://www.njord.as/

 

 

Ervin hjelper deltakarane over elva.

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy