2755 Views

Teknikkurs Ung

I midten av juli i fjor arrangerte Askvoll padleklubb teknikkurs for ungdom. Dette er eit gratis tilbod til alle i kommunen vår i aldersgruppa 13 til 18 år.

Januar 10, 2012
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Det var seks ungdommar som hadde meldt seg på. Alle har teke grunnkurs i klubben vår dei siste åra. Grunnkurset har også vore eit gratis tilbod til ungdommane. Kurshaldar var formann i klubben; Roger Kløvtveit.

 

Den første dagen gjekk deltakarane gjennom pensum for kurset i rolege forhold. Det vart terpa mykje på framdriftstak, støttetak, styretak og kanting. I tillegg vart det øvd på ulike redningar. Alt dette skulle det vise seg at dei fekk bruk for på den andre dagen.

 

 

Marie er klar for bølgjene.

 

Då bar det av stad til Staveneset for å smake litt på dønningane frå havet. På veg ut til Staveneset vart ungdommane litt bleike om nebbet då dei såg bølgjene ute på havet. Men Roger kunne roe dei ned, og fortalte litt om stjernesystemet til NPF. Padlinga gjekk føre seg i ei vik, der dønningar og vinden kjem inn. Ein trygg stad for trening i bølgjer og båtkontroll. Skulle det hende noko her, driv ein inn mot stranda. I områda utanfor vika, var det opp mot fire stjerners forhold. Vinden var opp i  kuling styrke, og laga kvite bølgjetoppar. 

 

Roger tok med seg to om gongen ut i bølgjene for å øve støttetak og kanting. Eg var med som hjelpar om det skulle vere trong for det. Etter å ha leika seg litt i dønningane ytst i vika, var det høve til å surfe inn att mot stranda. Dette var svært populært! Dei ivrigaste ville ut fleire gonger for å prøve å få surf inn att.

 

 

Deltakarane er klar for bølgjepadling.

 

Eg spurte ungdommane om kva dei syns om kurset. Ein ting som gjekk att hos fleire, var at dei syns det var spanande å padle i bølgjer. I tillegg syns dei det var kjekt å prøve ting som dei ikkje har gjort før. Surfinga var spesielt moro! Då fekk vi nok utfordringar, meinte fleire. Det å vere ute i naturen, vart også nemnd som ein god ting.

 

 

Venter på surf.

 

Eg spurte også Roger om kva han syns om ungdommane.

– Dei var veldig ivrige med å få setje i gong med badinga, og mindre ivrig på å rydde og spyle utstyret etter bruk. Elles kunne dei godt pensumet på grunnkurset.

Kva legg du vekt på når du skal halde kurs for ungdom?

– Denne gjengen likte ikkje så godt å padle lengre turar. Difor vart det viktig å legge opp kurset med mykje leik og moro. Det er betre å leggje inn øvingane spredt utover eit område. Då får dei øve på framdriftstaka mellom plassane. Elles er det viktig at dei forstår nytteverdien av god teknikk. Difor vart dei teken med ut i litt større sjø, den andre dagen.

 

 

Eskimoredning.

 

Kva tankar gjer du deg om rekruttering i padlesporten?

 

– I Askvoll padleklubb har vi born og ungdom som hovudsatsningsområde. Vi gjev tilbod om padling til dei fleste skulane og organisasjonane i kommunen vår. Nesten alle born her i området under 10 år, har prøvd kajakk. Elles har vi hatt tilbod om gratis grunnkurs for ungdom i fleire år. Rekrutteringa i Askvoll er bra! Oppfølginga av dei som har teke kurs er også viktig. Mange av dei blir med som hjelparar på arrangement i klubbregi. Dei har også tilbod om å få vere med på padling om hausten.

 

Har du opplevd noko som var spesielt moro på dette kurset?

 

-Kurset har fungert slik eg tenkte. Det var moro å ta dei med ut i bølgjene. Då fekk dei bruk for god teknikk.  Det å sjå at nokon av dei fekk surf, var flott!

 

 

Marita tek ein fin telemarksving.

 

Andre ting du vil nemne?

 

– Eg meiner at padleklubbar rundt i landet bør vere flinkare å satse på born og ungdom. Nokre klubbar gjer ein flott innsats, men framleis er det slik at mange tenkjer at padleaktivitetar høver best for middelaldrande menn som likar å padle turar. Elles er det svært viktig at ungdom lærar seg å handtere ver og vind på sjøen. Staden vi bur på, er eit utsatt område. Veret kan skifte fort, og då er det viktig at dei kan handtere dei forhalda som kan oppstå. Det er også viktig å få ungdom aktivisert i ei tid der stillesitting og trening av datamusklar, er vanleg.

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy