2159 Views

Grunnkurs i skuletida

Askvoll padleklubb har i fleire år arrangert gratis grunnkurs og teknikkurs for ungdom mellom 13 og 18 år. I år klarte klubben å få organisert eit grunnkurs i skuletida.

Mars 26, 2015
Skrevet av:

Edmund Mongstad

I siste veka før sommarferien er det aktivitetsveke på skulen vår, og då passa det bra med eit grunnkurs fordelt på to dagar. Med to kurshaldarar/lærarar og femten deltakarar, var alle kajakkane som klubben eig i bruk.

IMG_6937

Idar og Stian trenar kameratredning.

 

Tilpasning av utstyr

 

Vi starta opp på måndagen med å fordele og tilpasse utstyr. Det seier seg sjølv at dette tek litt tid når femten ungdommar skal ha sko, våtdrakt, sprutrekk, jakke og vest. I tillegg skal kajakkar  og årar fordelast, og fotstøtter regulerast.

 

Før dei fekk sleppe ut på sjøen vart det litt orientering om årebruk, og ei grundig tørrtrening på å løyse ut trekket. For nybyrjarar er det jo dette som er den store skrekken; å sitje fast i kajakken når ein går rundt. Sjansen for dette er minimal med dei trekka vi brukar. På grunnkursa våre brukar vi lause nylontrekk som ofte lausnar av seg sjølve. Likevel er det viktig å drille deltakarane i å ta tak i handtaket og ake seg bak på bakdekket, slik at dette blir ein refleks når dei tippar rundt.

IMG_6898

Redningsøvingane er populære.

 

Sterk vind ga problemer

 

Etter ein demonstrasjon av dei ulike entringsmetodane, bar det ut på sjøen. I starten skulle dei berre halde seg ved stranda. Dei som ville, fekk vente litt med å ta på spruttrekket, men etter ei stund måtte alle ta det på. I starten øvde dei på sveipetak og fram- og bakoverpadling. Dei fleste meistra dette ganske greitt etter ei stund. Etter ei økt med grunnleggande manøvrering, var det opp på land for å ta lunsj. I løpet av føremiddagen hadde vinden auka på, noko som skulle vise seg å bli eit problem utover dagen..

 

Etter pausen var det ut att for å trene vidare på teknikkar og etterkvart dei ulike redningane. Første dagen hadde vi fokus på kamerat og «cowboy- redning». Sjølv om nokre hadde kvidd seg for å gå i vatnet, var dei fleste meir enn klare for å bade!

 

 

Teke av vinden

 

Etter nokre velt og redningar blåste det endå meir opp. Vinden var no opp i sterk kuling, men heldigvis pålandsvind. Ved eit høve kan vi vel med handa på hjartet seie at vi ikkje hadde full kontroll. To elevar vart teke av vinden og ført raskt innover vika. Den eine sat i kajakken og heldt fast i ein annan som var tom, og den andre låg i vatnet og venta på hjelp. Då vart alle dei andre kommandert på land og begge kurshaldarane måtte ut til dei som dreiv.

 

Etter ei stund med redning og sleping i motvind, fekk vi dei inn att på stranda. Begge to var ved godt mot og opplevde heldigvis ikkje situasjonen som dramatisk. Og med vest, våtdrakt og pålandsvind var den vel heller ikkje det.

IMG_6902

Vilde og Thea.

 

God erfaring

 

I ettertid kan ein kanskje seie at vi burde delt opp gruppa i to, der den eine kunne trene redningar og den andre manøvrering. På den måten hadde vi ikkje hatt alle i vatnet samstundes. Men på den andre sida har vi veldig mykje vind i Askvoll, og det er jo her kursdeltakarane skal padle. Så difor er ein trygg erfaring med kor fort ein driv avgarde, berre bra å få.

 

Sidan det blas opp såpass mykje, heldt vi oss i strandområdet resten av den dagen. Vanlegvis går vi i gjennom heile pensumet første dagen, men dette vart umogleg på grunn av vinden.

 

Klare for nye ting

 

Andre dagen var det heldigvis mindre vind. Vi gjekk i gjennom styretaka, sidevegs forflytning og repeterte redningane frå dagen før. Det som er veldig fint med eit kurs for ungdom, er dei alltid er klare for å prøve nye ting, og spesielt redningsøvingane er svært populære. Det er mange smil og mykje latter når vi trenar på desse.

 

Nokre var faktisk så ivrige på å trene, at dei måtte kommanderast på land. Sjølv om dei hutra og var blåe på leppene, ville dei ikkje gje seg. Alle ungdommane gjorde det dei skulle (og meir til) på kurset, og alle fekk utdelt våttkort.

IMG_6916

For å få våttkort, må ein bli våt.

 

Stas å få våttkort

 

I klubben vår har vi ein praksis om at dei ungdommane som har våttkort, kan få lov å padle enkle kajakkar så lenge det er vaksne som kan sjå etter dei. Dette gjeld både i skuletida og på fritida. På den måten vert det stas å få våttkortet.

 

På skulen vår har vi no eit valfag som heiter «Fysisk aktivitet og helse». I dette faget nyttar vi kajakkane ein del, og særleg utover hausten, då vasstemperaturen er god. Dei som då har våttkort, ordnar seg sjølv med utstyr og kajakk. Dei har også lært alle reglane for rydding og vasking av utstyr. På den måten får vi innarbeidd gode rutinar og haldningar i ein tidleg fase. Klubben kan ved eit seinare høve få hjelp av ungdommane, ved at dei til dømes kan vere «padleassistentar» ved arrangement om sommaren. Då får klubben litt tilbake, og ungdommane får praktisert det dei har lært på kurs!

 

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy