Ein gong i livet – Sør-Grønland 2013

Ein gong i livet – Sør-Grønland 2013

Padling 5.13: Måndag 22.juli. Me, sju padlarar, ligg verfaste på andre døgnet i ei vik like ved Herjolfsnes. To dagar tidlegare møtte me ein barriere av drivande is i dei smale sunda sørvest for Nanortalik. Landskapet er ikkje så ulikt skjergarden vest for Bergen. I fjor på same tid var det isfritt. Me må på land, opp i høgda, for å få oversikt over situasjonen.


Dei komande timane manøvrerer me kajakkane i sikksakk mellom isflak og rester av isfjell, i passasjar så tronge at me fleire gonger må bruke hendene eller padleårene til staking for å komme gjennom. Rundt Herjolfsnes er det umogleg å padle. Havet står rett på. Is og grov sjø sperrar vegen. Me slår leir og ventar på at ver-og isforhold skal betre seg. Det skjer to dagar seinare.

 

 

Alle samla. Frå venstre: Kyrre, Olav Geir, Camilla, Bente, Jan-Geir og Inger.

 

Inn i smult farvatn

Etter rekognosering og gunstige vermeldingar – lite vind, men regn og tåke – tek me ei avgjerd. Kajakkar og bagasje blir borne over land ein kilometer for å unngå den mest kritiske strekninga. Kajakkane blir lasta ned og sjøsette. Padlinga langs land og ut vika på vestsida av Ikigait/Herjolfsnes går føre seg i smult farvatn. Isen er ein effektiv bølgjebrytar.

 

Så høyrer me duren av tunge dønningar mot land, isfjell som støyter saman, toreliknande drønn frå energiutladningar når isen brest. Me er midt oppe i ein situasjon som svært få padlarar får oppleve, og det føler me der og då: innestengde i eit rom på ein ugjestmild kyst, med vegger av is, rundt oss lyden av tunge bølgjer som bryt mot berg og isfjell. Padlinga er ikkje spesielt krevjande. Lange dønningar, opp og ned. Under andre forhold hadde dette vore som ei søndagsutflukt. Men tanken på å hamne i sjøen her skjerpar konsentrasjonen. Det er fellesskapet, vissa om at du har erfarne folk rundt deg, som gjer at du vågar.

 

 

Isfjell i alle tenkelege variantar. Her «fabeldyr».

 

 

Ombytte roller

Ei litt absurd hending nett her: Ein inuittfamilie på tur i småbåt med påhengsmotor får auge på oss. Dei lurer vel på kva slags galningar som finn på å legge ut i kajakk i slikt ver, på ein slik stad. Fram med kamera. Me – padleturistar frå Norge – blir fotograferte av ein innfødd grønlendar. Rollene er ombytte.

 

Turen vidare til Nua, ved munninga av Torssukatak-fjorden (det forventa høgdepunktet), går utan dramatikk. Gråveret, med drivande skodde og regn, legg ikkje dempar på humøret, tvert imot. Konturane av landskapet dukkar opp i det grå og forsvinn inn i det. I klart ver ville mystikken ha vore borte.

 

 

Torssukatak-fjorden.

 

Blokkert av is

Me går i land i vika vest for Herjolfsnes, der den landsforviste illgjerningsmannen frå Island, Eirik Raude, for første gong steig i land i Grønland, 1027 år før oss (986), og der den norsk-islandske landnåmsmannen, Herjolfr Bårdarson, tok land, bygde gard og lånte neset namnet sitt.

 

Så kryssar me Narsapsarga-fjorden, passerer den sørlegaste bygda i Grønland, Narsarmiji/Frederiksdal, med Loran C, navigasjonssystem – rester frå Den kalde krigs dagar, padlar inn i Qornoq-sundet og kjem oss i land i Nua, ved munninga av Torssukatak-fjorden, i det som nærmast må kallast ei urd av stor rund stein i vasskanten. Stranda er blokkert av is. (jfr.bilde).

 

 

Herjolfsnes.

 

Tett skodde

Neste morgon vaknar me til eit sørgjeleg syn: I staden for eit panorama over mektige alpine fjell ser me rett inn i ein skoddevegg – kan så vidt skimte omrisset av dei nærmaste fjella. Heldigvis letnar det utover dagen, og me er midt i eventyret. Det er unødvendig å skildre landskapet. Bilda talar for seg sjølve.

 

Om kvelden, etter lang dags makeleg padling på blankstill fjord, med hektisk fotografering, legg me til lands i det som på kartet heiter «Stordalens havn», men eigentleg er ei langgrunn vik ved enden av ein vid, vakker u-dal. Det viser seg at det ikkje er så lett å kome derifrå. Fire meters skilnad på flo og fjøre får utfjøringa til å sjå ut som ei elv som buktar seg mellom sandbankar. Kajakken min blir ståande på tvers av straumen, og eg må hjelpast ut på djupt vatn.

 

 

Nua – på land i steinrøys.

 

Pause gir ny styrke

Denne dagen blir tung! Frisk bris imot heile tida. Eg held på å drive på land i dei verste råsene. Då me padlar inn det smale sundet til Aappillatoq, har eg krampe i ryggmuskulaturen og er lite mota på dei siste 5-6 kilometrane fram til neste leirplass, Ivssortussut. Nokre timars pause i den vesle, isolerte fiskarlandsbyen gir ny styrke. Små, fargerike hus på ei grøn slette under det «dobbeltspira» fjellet «Twin Peaks» som reiser seg til himmels bak, skaper inntrykk av idyll. Det er overflata. Kva som skjuler seg under, veit me ikkje.

 

Ivssortussut ligg i kryssingpunktet der seks fjordar møtest, på ein stad der vinden tek godt. Eg får overtydd Kyrre og Camilla om at det beste for heile gjengen er at eg blir verande der to netter, medan dei får utforske den inste delen av fjordsystemet, der brearmar frå innlandsisen munnar ut og kalvar. Mine auge har sett så mykje den siste veka at ingenting på turen kan overgå det!

 

 

Siste padletak er tatt – ut fjorden på veg tilbake til Nanortalik.

 

Søvnlaus natt

Eg får ei søvnlaus natt og to fine dagar. Om kvelden blæs det opp til stiv kuling. Sjølv om teltet mitt er blant dei beste som finst (Hilleberg Staika), blafrar det som eit segl i storm, ein bardun losnar, det same held fleire teltpluggar på å gjere i det lause underlaget. Eg må ut på morgonkvisten og styrke forankringa, sit oppe i lange periodar inne i teltet med ryggen mot teltduken for å hindre kollaps. Tanken på at dei andre er i ein liknande situasjon (det er dei) er ikkje behageleg. Gleda er derfor stor då kajakkflåten dukkar fram bak eit nes utpå ettermiddagen.

 

Heile Grønlandstoktet sommaren 2013, med den korte padleøkta tilbake til Aappillatoq og den sju timar lange båtferda ut fjorden over ope hav, om natta, i solnedgangen, til utgangspunktet, Nanortalik, vil til min døyande dag vere i minnet.

 

 

Stordalen «by night». Lite drivved, men nok til å tenne bål.

 

 

Garantert fisk.

 

Ramma rundt turen:

Området me padla i, Nanortalik – Herjolfsnes – Torssukatakfjorden, høyrer til den sørlege utkanten av den såkalla Austbygda (rundt dagens Qaqortoq/Julianehåb), der dei fleste nordbuane slo seg ned etter Eirik Raude.

 

Landskapet i denne delen av Sør-Grønland er i svært liten grad påverka av busetnad frå eldre eller nyare tid. Eitt av spora me oppdaga, var små gravhaugar av stein, med leivningar etter menneske, i eitt tilfelle eit barn. Gravene var plasserte på høgdedrag, med utsikt mot sjøen, ikkje ulikt gravhaugane frå bronsealderen.

 

I motsetnad til det dei fleste sannsynlegvis trur, finn ein truleg den mest storslåtte og varierte naturen på Grønland i sør, rundt Tasermiutfjorden og i området me padla. Det ligg om lag på same breiddegrad som Bergen og Oslo, men er ikkje temperert av Golfstraumen, slik dei skandinaviske landa er. Den sørlegaste delen av Grønland, landet mellom Herjolfsnes og Kap Farvel, utgjer eit nettverk av ubebudde øyar og fjordar.

 

 

Aappillatoq, med isfjell på «dørstokken».

 

 

Aappillatoq – idyll?

 

Nokre merknader til slutt:

  • «Vertskapet», Kyrre Flotve og Camilla Ianke, la grunnlaget for ein tur heilt utanom det vanlege, med eit program som kan ta pusten frå mykje meir blaserte folk enn meg. Og ikkje minst: dei stod på seint og tidleg, med tunge tak, som ikkje minst eg med mine 73 år og med kneledd i stadiet før utskifting, naut godt av. Dei andre medpadlande var like hjelpsame når kajakk skulle pakkast, kajakken min skulle landast på det eg oppfatta som utilgjengelege strender, og sjøsetjast dei same stader.

 

  • Maten er eit kapittel for seg. Den må ha vorte planlagt og førebudd lang tid på førehand, tillaga og konsumert i eit kombinert kjøkken- og spisestovetelt, bortimot gourmet-mat.

 

  • I den samanhengen bør det nemnast at turen var eit sportsfiskeeventyr. Det er første gongen for mitt vedkommande at løfte om «garantert fisk» har vore meir enn tomme ord – det gjeld «edelfisk» som aure og laks. Me fekk så mykje ishavsrøye, på mellom 4 hekto og 1.2 kilo, alt me orka å ete, og meir enn det. Seks dagar hadde me kokt/steikt røye til middag eller kvelds, i tillegg til all den andre gode maten.

 

  • Helikopterturen Narsarsuaq – Nanortalik retur (75 min og 45 min), saman med besøket på Brattahlid, Eirik Raudes gard og grend som var inkludert i prisen, var ei sers fin opning/avslutning på turen.

 

  • Det sosiale utbytet var stort og ei naturleg følgje av at me hadde felles interesse, samarbeidde og levde så tett innpå kvarandre som me gjorde.

 

Konklusjon: Ein draum for padlarar som vil oppleve noko eineståande.

  • Categories: Artikler, Nyheter

    Om journalisten