2168 Views

Med kajakk på timeplanen

Friluftsrådet for Ålesund og omland har i mange år arbeidd med kajakk i skulen. Friluftsrådet har ein fullt utstyrt kajakkhengar med vestar og årer – som er til gratis utlån til skular og ungdomsorganisasjonar. Og vi hadde etter kvart utvikla eit ganske bra opplegg for skuleklasser med kajakkpadling – trudde vi.

Juni 22, 2012
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Opplegga i skulen med kajakkane til Friluftsrådet  viser seg ofte å vere det første møte barna får med kajakk, dersom ikkje foreldra sjølve er interesserte padlarar. Men vi opplevde at både eigen aktivitet og skulane som lånte kajakkane praktiserte ”happening” med kajakk. Elevane sitt møte med kajakk vart i regelen berre ei kort økt på sjøen der elevane fekk prøve å padle litt. Ei kjekk oppleving for elevane, men dessverre lite erfaringslæring. Og utifrå ynskje om meir og betre uteskule tenkte vi at det var på tide å heve kvaliteten på opplegga. Målet er å gi elevane erfaring i tillegg til oppleving!

 

 

Ilandføring.

 

Natursekken

Friluftsrådet ved Christer Lundberg Nes i samarbeid med lærar Torgeir Olsen på Hessa barneskule fekk midlar frå www.natursekken.no til å gå i djupna med  kajakk på timeplanen.

Tid og storleik på skuleklassene var dei to største utfordringane. Vi tok utgangspunkt i 6.klassetrinn og utifrå tre dagar med kajakk som einaste tema på timeplanen – såg vi på kva vi kunne få til innanfor denne tidsramma. Både i forhold til faglig formidling og organisering.

 

 

Her blir det øvd på hjerte og lungeredning.

 

Det å få tid til å utveksle erfaring og gå i djupna på planlegginga var utruleg verdfullt. Opplegget fungerte svært bra og progresjonen på elevane i løpet av undervisninga var imponerande! Det gjorde at vi fekk tid til mykje meir leik og utforsking av kajakken sine eigenskapar enn vi trudde i utgangspunktet. Både vandring på flåte og ilandføring vart testa ut med alle elevane. Samt at nokre elevar også klarte å utføre god kameratredning med x-redning.

 

Kajakksertifikat

Vi ynskte at elevane i løpet av undervisninga skulle lære nokre grunnleggande ferdigheiter. Det var å gå inn og ut av ein kajakk, padle framover, stoppe, padle bakover og padle slalåm.

Vi la difor opp til at undervisningsopplegget skulle bli avslutta med ei ”prøve” der elevane skulle vise at dei meistra desse ferdigheitene, og få eit kajakksertifikat som synleg bevis.

Å ta kajakksertifikatet var ei kjempegulrot og alle klarte den med god margin – sjølv om elevane sjølve hausa opp prøvesituasjonen…

 

 

Instruksjon i flåte.

 

Alle turmål til og i vatn har sine eigne moglegheiter og potensielle farar, anten det gjeld vind og straum/bølgjer eller uhell i og ved sjøen. Det er lærarane som må gjere vurdering i forhold til naturelementa i eit slikt undervisningsopplegg. På grunn av talet på elever i ei skuleklasse er det naturleg å dele klassa inn i to grupper. Der den eine gruppa er på land med andre aktivitetar, medan den andre gruppa held på med kajakkopplegget. Akkurat som redning frå båt og kajakk er eit naturleg element for læraren å meistre – er redning frå land noko som ein skal ha tenkt gjennom og ha gjort ei vurdering av korleis ein skal handtere ulike scenario.

 

 

Slalåm.

 

Høgskulen i Volda

I samarbeid med friluftslivsseksjonen på Høgskulen i Volda tok vi tak i problemstillinga med å nytte sjø som lærestad. Vi meiner det er viktig å kombinere opplæring i bruk av kajakk med opplæring i farevurdering, livredning, førstehjelp og hjarte-lungeredning. Det viktigaste er å tenke gjennom undervisningsopplegget og organiseringa slik at ein unngår ulykker, med andre ord tur etter evne. Men dersom uhell skulle skje er det viktig erfaringslæring for lærarane å øve på situasjonar med forlenga arm, eller redning.

 

Mest truleg er Hessa barneskule den første barneskulen i landet som har prioritert dette så høgt at så godt som heile personalet – unge som gamle – har gått gjennom eit opplegg om trygg ferdsel, farevurdering og redning ved sjø. Kurset vart gjennomført av Høgskulen i Volda, og avslutta med utandørs livredningsprøve: å hoppe ut i kaldt vatn med kleda på, dykke med varierande sikt, finne øvingsdukka mellom tang og tare, og føre den inn til og opp på kaia. På bryggekanten er det å sette direkte i gang med hjarte-lungeredning med våte kle og kalde stive fingrar. Fantastisk innsats av tilsette på Hessa barneskule!

 

 

Ut på tur.

 

Utstyrsbasen

Kajakkhengaren med utstyr er finansiert av Møre og Romsdal fylke og Friluftsrådet. Den inneheld små kajakkar og nokre doble for tilpassa opplæring. Den er komplett utrusta med årer, vestar, slepetau og kasteline. I tillegg er det med ein stor to manns ”sit on top” kajakk som følgje- og redningsbåt.

 

 

Klart for utdeling av sertifikat.

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy