2350 Views

Møt rullande Maria

Forestill deg at du prøvde grønlandsrulling i høst. Du blei bitt av basillen og har blitt dyktig, veldig dyktig. To produsenter sender deg padleutstyr, gratis. Velkommen inn i livet til 15-årige Maria Kornelia Sjølie Midtsand frå Trondheim. Bilde: –Kom bli med, da vel! Foto: Lars Midtsand

August 01, 2016
–Kom bli med, da vel! Foto: Lars Midtsand
Skrevet av:

Edmund Mongstad

Tekst: Laila Johanne Reigstad.

Maria er ein del av juniorane i Trondhjems Kajakklubb. Ho starta med havkajakk og euro-åre i 10-års alderen, men det var først under testing av grønlandsrulling i haust at interessa tok av. No er grønlandskajakk og -rulling klare favorittar! Maria har brukt vintersesongen til å trene rulling i basseng på klubben sine temakveldar. I tillegg har det vorte nokre turar ute i vinterkaldt vatn. Trass i at ho berre har drive med grønlandspadling i vel åtte månader, så har hennar store interesse og dyktighet ført til at ho har fått seg ein mentor!

3-Under i bassenget

Både gøy og lærerikt med bassengtrening i den kalde årstid! Foto: Lars Midtsand

Sponsoravtalar

Mentoren, Roger «KayaKid» Raknes, har vore ein svært sentral del av Maria si utvikling innanfor rulleteknikkane. Han har også skaffa Maria ein sponsoravtale på GearLab padleårer. I mai i år fekk Maria dessutan ein sponsoravtale med YAK Adventure Equipment, gjennom den norske importøren. Herfrå mottek ho tørrdrakter, hjelm og anna utstyr. –Ting har skjedd veldig fort, og det er kult, seier den talentfulle 15-åringen.

I samtale med Padling opplyser Maria at det i Trondhjems Kajakklubb er 10-15 personar som driv aktivt med grønlandspadling og -rulling. Miljøet er godt og iveren stor, men Maria er foreløpig åleine som ungdom i gjengen.

–Det hadde vore fint og få med fleire ungdomar, slik at eg slapp å berre padle med dei «gamle», ler Maria. Derfor har ho no bestemt seg for å ta saka i eigne hender. Her skal det rekrutterast!

4-Rulling i havna

På rull og tull med Trondhjems Kajakklubb på Skansen. Ila kirke i bakgrunnen. Foto: Lars Midtsand

Vil starte ungdomsgruppe

Trondhjems Kajakklubb har juniorkveldar i bassenget i vintersesongen, men for å auke rekrutteringa håpar Maria og hennar 20-årige padlekollega Ingrid Botslangen Frantzen, å starte opp ei ungdomsgruppe til hausten. Ungdomsgruppa skal leiast av Ingrid, som er utdanna til NPF-aktivitetsleiar for ungdom. Maria skal hjelpe til og er derfor i full gang med kursing. Ho har gjennomført både NPF Grunnkurs og Teknikkurs.

–Til høsten starter eg på aktivitetsleiarkurs for ungdom. Det er så kjekt å padle med andre ungdommar. Vi må få fleire med! Maria fortel at hovudfokuset vil vere turpadling og redning i havkajakk, men at dei også tenker på å legge inn nokre rulletreningar. Og dersom nokon synes dette er gøy, ja så er planen å få dei med på klubben sine temakveldar om grønlandspadling og –rulling.

Ruller med 4 kg stein!

Det finns 33 ulike ruller i grønlandskajakk. Maria har funne sine favorittar. Desse er vanleg grønlandsrulle og stormrulle, altså ruller der grønlandsåra er i bruk. I tillegg karakteriserer Maria håndruller og norsaq-ruller for «veldig morsomme» I det siste har ho bytta ut både grønlandsåre og norsaq med ein fire kilo tung stein! Det finns tre ulike håndruller der stein i handa inngår. –I desse rullene må ein ta i mykje meir med heile kroppen for å få det til, seier Maria entusiastisk. Målet er å klare rulla med ein enda tyngre stein. I konkurransar for seniorar er det nemleg åtte kilo stein som gjeld!

Når det femte NM i Grønlandsrulle startar på Stokkøya i Sør-Trøndelag i august, ja då finn du Maria klar til dyst. Dette er hennar første kajakkonkurranse, og spenninga i forkant er stor. Ho håpar på at fleire juniorar melder seg på i forhold til tidlegare år. Dersom ingen juniorar vert med, kjem ho til å delta med seniordamene. På spørsmål om ho kan hamle opp med poengsummane til dei vinnande damene i 2014 (102 poeng) og 2015 (99 poeng) eller junior i 2015 (62 poeng) fnisast det i andre enden av telefonen. –Vi får sjå. Eg gleder meg veldig i alle fall!

 

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy