Draumedagar på Stokkøya

Draumedagar på Stokkøya

Qajaq- treffet på Stokkøya er eit samarbeid mellom Trondhjems kajakklubb og ”Prosjekt Inuit” og vert halde på Stokkøya Sjøsenter, i Åfjord kommune. Staden har kanskje ei av dei finaste strendene i området og høver godt til rulletrening.


Stokkøya er også eit flott utgangspunkt for turar. Dei to siste åra har det også vorte arrangert eit uoffisielt NM i grønlandsruller. Deltakarane skal presentere opp mot 32 ulike ruller, der dei får poeng alt etter kor bra dei vert utført.

Treffet startar med ”Qajaq-akademiet”, som går føre seg dei to første dagane.Dei fleste som skulle vere med på dette,kom onsdag ettermiddag. Seinare den kvelden kom også Dubside og Anders Thygesen, som skulle vere instruktørar. På denne samlinga kan du overnatte i dei populære ”Sub- lugarane”, du kan leige rom på Sjøsenteret eller gjere som dei fleste vel å gjere: bu i telt.

Yoga med Dubside

Onsdag morgon var det tilbod om Yoga med Dubside. Han gjennomgjekk mange øvingar som høver godt for padlarar. Etter yogaen kjende vi oss klare til å ta til på kurset denne dagen. Ved kursstart vart vi delt opp i to grupper. Anders tok seg av gruppa som ville trene på standardrulla, medan Dubside hadde gruppa som skulle trene på dei meir avanserte rullene. Eg var med Dubside denne dagen, og han gjekk i gjennom dei fleste rullene som er med i grønlandsrulle- meisterskapen. Han snakka også litt om poengsystemet, og kva som skulle til for å få maksimal poengsum på kvar øving.

Undervegs fekk vi prøve sjølve, og fekk mange gode tips og råd. Tipsa gjorde at mange fekk til det dei hadde streva med. For min eigen del, såg han at eg måtte vri åra litt på stormrullene, og vips, der kom stormrulla på høgre side på plass! Det var også stor hjelp å få frå dei andre deltakarane. På denne samlinga er det ei tanke om at all kunnskap kan delast, og alle har eit ønskje om hjelpe kvarandre mest mogleg. Etter matpausen, var det tid for eigentrening. Då plukka vi ut nokre ruller som vi ville fokusere på, og Dubside instruerte. Onsdag kveld var det ei filmframsyning om inuittane på Alaska.

Ulike ruller og sweep

Torsdag morgon var det igjen tilbod om Yoga, og Qajaq- akademiet fortsette etterpå. Denne dagen var det byte på gruppene i høve til dagen før. Anders Thygesen hadde ei økt med handruller, ”reverse- sweep” og stormrulla, medan Dubside hadde gruppa som jobba med standardrulla.

Siste del av torsdagen hadde Thygesen ein del om korleis ein kan bruke grønlandsåra til andre ting enn rulling. Vi fekk opplæring i framdriftstak, ulike sveipe-, styre-, og støttetak, og sculling med grønlandsåra. Torsdag kveld var det offisiell opning ved Bernt, der han ønskte nye deltakarar velkomne. Etter informasjon om dei komande dagane, viste Anders bilete frå Grønland. Bileta vart kommentert av Thygesen, og mange døme på ulike kajakkar, harpunar og årer vart presentert.

 

Les mer i Padling

 

Les mer om dagene på Stokkøya i den digitale utgaven av Padling

[krever innlogging]

Er du ikke abonnent av Padling? Abonner HER og få tilsendt 6 utgaver rett i posten, og få tilgang til den digitale utgaven med arkiv.

 

 

  • Categories: Abonnement, Artikler