Ein padlesouvenir

Ein padlesouvenir

Det er ikkje alltid at ferien vert lagt opp kring padling. Ein New York tur, som ikkje var særleg lenge planlagd, viste seg å gje ei uventa gledeleg oppleving.


Då padlevener som fekk høyre om planane ba meg om små tenester (hente utstyr og levere ein tørrdrakt til reklamasjon) var plutselig kontakten med Randall i boks. Han driv New York Kayak Company, og held til på søraustsida av Manhattan, ved Pier 40, med butikk og kursverksemd. På same pieren var det også gratis utleige av Sit On Top kajakkar, men ville du låne slike, var du avgrensa til å padle innafor flytebryggene og pieren, ikkje særleg mange padletak kvar veg.

 

 

Ikke noko å seie på utsikten.

 

Eg handla sjølvsagt ein del av Randall. Dollaren er låg, og utstyret var bra. Eg spurde etter om det var råd å få seg ein padletur. Då var Randall berre eit stort smil, og sa at turen var gratis, sidan eg hadde drege så mykje på visakortet. Randall sjekka tidevatn og straum i tabellane, og vi avtalte start neste morgon. Dagen etter, klokka ni, fekk eg for fyrste gong ein Tiderace under baken. Ein passelig leiken kajakk, veldig fin i den vesle sjøen som var.  Veret var strålande, og det som krevde merksemd var stort sett båttraffikken.

Randall fortalde at me måtte halde oss utanfor ”Secutity Zone” på 100 yards frå både land, brygger og meir interessante stader som Ellis Island og Fridomsgudinna. Han hadde ein gong padla med ein kunde (for mange år sidan, før 9/11) som steig på land ved fridomsgudinna og spurde sikringsvakta etter næraste hamburgerbar. Kunden vart arrestert som han stod og gjekk, i våtdrakta. Heldigvis var han advokat, og kunne få kontoret sitt til å betale kausjon på dagen!

 

 

Irene og Randall ferdig utstyrt. 

 

Sjølv utan slike møte vart det ein minnerik souvenir på Husdon river. Det første eg merka meg var den deilige lukta av sjø. Midt i storbyen, halvvegs oppe i ei elvemunning, men likevel:  den friske gode sjølukta! Saman med Randall, som villig fortalde om alt eg spurde og grov om, var den friske lufta, det flotte lyset og den unike utsikta noko som eg tek med meg inn på kontoret så lenge eg treng det. Og skulle du ha falle for press eller freistnad til ein New York tur: ein padletur med Randall er absolutt eit reisetips!

Denne artikkelen sto på trykk i Padling 1.2010.

  • Categories: Artikler

    Om journalisten