Frå hav til elv

Frå hav til elv

Eg har lenge vore nysgjerrig på elvepadling, og då Torbjørn Nordeide tilbaud eit grunnkurs i Stardalselva i Jølster kommune, nytta eg høvet til å bli betre kjend med denne padlegreina.


Kurset vart arrangert i slutten av september, og vi var tre frå Askvoll padleklubb som melde oss på. Vi tre har drive mykje med havpadling og ein del brottpadling på Bulandet. Difor har vi litt erfaring med vatn i rørsle. I tillegg var det to andre med på kurset, som til vanleg jobbar som dykkarar, så vasstilvenning var ikkje nødvendig for dei.

Tilpassing av kajakkane.

 

Elva vi skulle padle i, renn frå Stardalen og nedover Våtedalen. Elva, som er ein breelv, har grågrøn farge grunna leire. Sidan vatnet kjem frå ei bre, er også temperaturen ganske låg. Elva viste seg å vere godt eigna til grunnkurs. Variert, og med mange små stryk og rolege partiar. Instruktøren vår meinte delen som vi padla på kurset, veksla mellom grad ein og to.

 

Første dag i elva:

I starten på kurset vart kajakkane fordelte og tilpassa kvar einskild. Vi brukte ulike typar elvekajakkar. Ein ting som er ulikt havpadling, er at ryggstøtta vert stramma etter at ein har kome seg oppi. I elvepadling er det viktig å sitje mest mogleg fast. Det kjendes litt klaustrofobisk i starten, men dette vart ein fort van med.

 

Etter at alle hadde funne sin kajakk og vi hadde hatt ei lita oppvarming, bar vi kajakkane ned til elva. Torbjørn gjennomgjekk ulike teikn som vert brukt som kommunikasjon på elva. Mange av desse er dei same som vert brukt i havpadling. Så var det berre å hive seg utpå. I starten trudde eg det skulle bli vanskeleg å manøvrere på elva. Men det viste seg å vere lettare enn eg hadde trudd.

Torbjørn, Andre´ og Oddvinn i ein roleg del av elva.

 

Den første øvinga vi hadde var å lære å kante mot straumen. På den måten får ikkje straumen så lett tak i kajakken. Vi lærte å traversere, som tyder å krysse elva på tvers. Det måtte ein del øving til for å meistre dette. Men etterkvart gjekk også det greitt. Korleis ein padlar inn og ut av ein straum, vart også gjennomgått. Då er det viktig å passe på vinkelen på kajakk i høve til straumen.

 

På føremiddagen padla vi frå Stardalen og nedover Våtedalen. Vi hadde mange treningsøkter undervegs. Ein av tinga vi måtte gjere, var å velte i kajakkane. Greitt å få det unnagjort. Trass i at vi sat godt fast, var det uproblematisk å kome seg ut av kajakkane så lenge ein lente seg framover. Vi øvde også på å symje i elva. Då er det viktig å ha beina først, og å ikkje prøve å reise seg opp. Straumen har stor kraft og det er lett å skade seg. Vidare lærte vi å finne, og å bruke bakevjene. Ei bakevje er stader på elva der vatnet står meir eller mindre i ro. Desse stadene er kvileplassar for padlarar. (Og fiskar!) Vi snakka også litt om ulike farar i elva, som til dømes tre, greinar og menneskeskapte hindringar.

Ikkje alltid like lett å halde seg på rett kjøl.

 

”Steinen er vår ven”

Vi lærde at ”steinen er vår ven”. Det vil seie at om du blir stoppa av ein stein i elva, skal du lene deg mot den. Då vil ofte straumen føre kajakken forbi.

Etter at vi hadde kome oss gjennom eit lite stryk ned til endepunktet for denne turen (nokon i kajakken og nokon symjande), tok vi lunsj. Ei lærerik økt vart avslutta med mykje latter, og forteljingar om komiske situasjonar som hadde oppstått gjennom stryket.

 

Etter ein god lunsj på hytta, var vi klar for ettermiddagsøkta. Torbjørn fann ein stad under ei bru med eit stryk, mykje straum og bakevjer. Staden var perfekt til å repetere det vi hadde lært tidlegare på dagen; traversering, padle inn og ut av straum og bakevjer, kanting av kajakken med meir. Det var også mogleg for oss nybyrjarar å padle heile dette stryket ned. Kjempemoro og god trening i å halde balansen.

 

Vi fekk også prøvd rullene våre. Det gjekk stort sett greitt. Men etterkvart vart eg så nedpsyka av steinane som dunka mot hjelmen, at eg valde å løyse trekket oftare. Då vart det symjetrening i staden. Mot slutten av denne økta lærte vi bruk av kasteliner og tauing i elv. Svært nyttig å kunne! Alle fekk prøve kasting av line, både på land og i elva. I tillegg måtte alle prøve å bli redda med lina. Elvepadling er ikkje noko ein bør drive med åleine, og kasteliner bør vere obligatorisk å ha med. Den kan også brukast til å løyse kajakkar som har satt seg fast mellom steinar og liknande. Etter at vi hadde halde på nokre timar på denne plassen, avslutta vi for dagen.

Andre dag

Om natta hadde det vore nattefrost i Stardalen, og vi vakna opp til rim på marka. Ikkje så veldig freistande å padle elv. Ein av oss hadde også gløymt stampen sin med padleklede ute den natta. Han fekk ein ekstra kald start på dagen. Etter

oppvarming, var vi klare for elva. På staden Torbjørn hadde funne no, var det også eit stryk. Dette var litt meir liv i,  enn det vi padla dagen før. Nokre av oss prøvde å padle gjennom, men berre ein kom seg ned sitjande i kajakken.

Å takle slik stryk krev øving.

Den første timen var det kaldt å padle i elva. Gleda var difor stor då sola dukka opp. Humøret og temperaturen steig raskt. Vi starta med å friske oppatt det vi hadde lært dagen før. Ein ting som eg syns er fint med elvepadling og brottpadling, er at du kan finne ulike typar utfordringar på ein og same stad.

 

Etter lunsj var det klart for den mest krevjande delen av kurset. Vi skulle padle nedover elva med mange stryk og steinar. No fekk vi bruk for alt vi hadde lært. Vi hamna i vatnet fleire gonger og fekk erfare at det å halde att ein kajakk der straumen fyller opp cockpit, er svært tungt! Etter mange symjeturar og tømmingar av kajakken, tok kreftene slutt for min del. Det einaste målet mitt vart etterkvart å kome meg heilskinna ned til der vi skulle gå i land. Mot slutten av denne turen kom vi til eit stryk som var litt for ”vaksent” for oss nybyrjarar. Alle deltakarane bar kajakkane sine forbi dette, medan Torbjørn padla. Imponerande å sjå korleis det er mogleg å kome seg nedover eit slikt stryk, med bruk av åra og kanting av kajakk.

Det obligatoriske gruppebildet.

 

Overføringsverdi

Den store skilnaden mellom å padle hav og elv, er tempoet. På havet kan du sleppe åra og ta ei pause. På elva er det jobbing heile tida. Vi brukte nok meir tid på å padle mot, enn med straumen. Det høyres kanskje slitsamt ut, men det er ikkje noko meir behageleg å padle medstraums.

 

For å kunne ha kontroll på elvekajakken, må du padle mest mogleg nedover også. Det er heile tida kjappe val som må takast, med mykje bruk av låge støttetak og kanting. Dette minner om brottpadling på havet. Der er det også viktig å bruke kanting og ulike støtte- og styretak, for å ha kontroll på ein surf. Difor vil eg anbefale alle som driv med brottpadling på havet, å ta eit grunnkurs i elv. Det handlar om det same: manøvrering og kontroll på vatn i rørsle.

  • Categories: Artikler

    Om journalisten