Klart for ny Ekstremsportveko

Klart for ny Ekstremsportveko

No er det ikkje lenge til verdas største festival av sitt slag går av stabelen for sekstande gong. Festivalen er Ekstremsportveko og plassen er sjølvsagt Voss.


Frå 23. til 30. juni kjem rundt 10 000 besøkande for å ta del i Ekstremsportveko, som tilskodar, musikkfantast, eller berre for å være med på festivalen. Eit breitt spekter av ulike sports- og kulturopplevingar står på programmet i år. Nokre av høgdepunkta på årets sportsprogram er:

 

The Honorable Citizen of Voss

Den karen og tausa som har delteke i flest sportar og konkurransar igjennom Veko vert kåra til den ærverdige innbyggjaren av Voss. Ein spesialdesigna nøkkel ligg klar som sjølvaste ordføraren vil dela ut til dei to gjeve vinnarane. Ein Smalahovemiddag for to, samt abonnement på Avisa Hordaland er også sjølvsagt ein del av premien. 

 

 

Speedriding har blitt en populær sport de siste åra.

 

Agalaus – Chinese Downhill
I år vert det ikkje berre nytelse av nydeleg utsikt og god frukost på Lønahorgi torsdag morgon under Veko. Stemninga kjem til å verta pulserande når 25 syklistar skal konkurrera i å koma seg fyrst ned til Bavallen. Kven er mest agalaus, og klarar å vinna denne konkurransen som vert arrangert for fyrste gong på Veko? 

 

Voss Vallhallah

Voss Vind arrangerar ein heilt unik konkurranse i vindtunnelen der fleire av verdas beste fallskjermhopparar vil vera med. Konkurranseformen går ut på at lag på fire personar skal utforma dei mest krevjande og visuelle kunststykke saman i tunnelen.  Konkurransen vil verta sendt direkte på heimesida til Voss Vind, Voss skal visast fram til verda!

 

Dirt Jump

Slopestyle konkurransen som tidligare har vert i Bavallen, vert no flytta ned til Festivalteltet, nærare bestemt ved sandvolleybanen. Ingen ringare enn Adrian Tell er ansvarleg for konkurransen, og det vert lova sjuke hopp og feite triks! Det skjer også mykje spanande på kulturfronten under Ekstremsportveko:

 

Opningsshow Sundag 23 juni

Tradisjonelt sett startar Ekstremsportveko med eit forrykande opningsshow utandørs der luftsportane visar fram sine triks. Ved å leggja til fleire element, der me også inviterar syklistane og skaterane til å ta del i opningsshowet, vil det verta spektakulær aktivitet på Prestegardslandet også i år. Klokka 19:00 fortset me opningsshowet innandørs, der generalsekretæren i Norges Idrettsforbund, Inge Andersen offisielt vil opna Ekstremsportveko. Etterfylgt av leikande akrobatikk i trapesar og straps, kjem Circus Labratory til å utføra luftige stunts. Ekstremsportveko elskar dans og akrobatikk. Me er difor særs nøgde med å ha fått dansegruppa Absence med til opningsshowet vårt i år. Gruppa frå Bergen vart kjend gjennom deltakinga i ”Norske Talenter” samt ”Dansefeber”, og har dei siste åra turnert rundt i Noreg med sine eigenproduserte show. Sist sett på Idolfinalen 2013, og me er heilt sikre på at dette vert ei minnerik oppleving for små og store.

 

 

Fallskjermhopping. Foto: Øyvind Birkeland.

 

Ekstremsportveko 16 år

I år fyljer Ekstremsportveko 16 år, og veko har vorte eit symbol på sjølve ekstremsportstaden Voss. Med meir enn 500 frivillege, 10 000 besøkande og 1200  utøvarar, har Ekstremsportveko vorte eit ynda sportsarrangement både nasjonalt samt internasjonalt.

 

Ekstrem Eldrebuss

Ekstremsportveko skal vera opne og inkluderande. I år ynskjer me å ta ekstra godt vare på den eldre garden ved å invitera dei til vårt Ekstrem Eldrebuss konsept. Tysdag, onsdag og torsdag under Ekstremsportveko inviterar me eldre folk frå Voss, Vik og Aurland til å ta del i Veko. Med ein eigen guide med på laget, campingstolar og gode utsiktsplassar på konkurransearenaene, vil me ta dei eldre med ut på arenaene. Dagen vert avslutta på Prestegardslandet i caféen vår der dei vil få servert kaffi og vaflar mens dei kan sjå på luftig akrobatikk utført av paraglidarane. For å gje dei eldre ei førebuing på kva dei kan få oppleva under Ekstremsportveko, inviterar me dei til ei framsyning av Dagens Video frå i fjor, torsdag 14.juni i Voss Kulturhus. Ekstrem Eldrebuss er eit gratis arrangement for dei eldre, og vert støtta av Voss, Vik Aurland Samarbeidsråd, og Voss Eldreråd.

 

NRK Reiseradioen

Fredag 28.juni kjem NRK Reiseradioen til Voss. Dei skal ha live-sending frå Prestegardslandet kl. 09:00-11:00, der Ekstremsportveko saman med Voss Kommune inviterar til gratis frukost. I tillegg vert det ein aerobictime med ingen ringare enn Else Kåss Furuset, bading i Vangsvatnet, luftsportsaktivitet samt ein intimkonsert med eit av banda som skal spela på Veko.

 

Noregs største rockeband spelar på Veko

Tradisjonelt sett startar Ekstremsportveko sitt musikkprogram på torsdagen, og i år er legendane Motorpsycho klare for å laga stemning i teltet. Det vert høg partyfaktor når legendariske Bula Beanie Boogie Party fyrar i gong på tysdagen. Tempoet kjem til å vert gåande ettersom onsdagen byr på den fantastiske beatboxeren THePETEBOX. Megaphonic Thruft, Valkyrien Allstars, Sirkus Eliassen, Admiral P, og ingen ringare enn den kjende reggaeartisten Gentleman er også klare for Veko.

 

Ynskjer du å vitja Ekstremsportveko?

Det er framleis ikkje for seint å ta turen til Voss i veke 26. For akkreditering, gå inn på www.ekstremsportveko.com og send ein søknad.

 

  • Categories: Nyheter
    Tags: Arrangement

    Om journalisten