Åleine i grønlandsk villmark

Åleine i grønlandsk villmark

Kunne du tenkte deg å padle utan guide på Grønland der beste tilgjengelege kart har målestokk på berre 1:250 000? «Padling» vil denne sommaren følge dei tre padlarane Laila Johanne Reigstad, Desiree Roerdink og Tamara Baumberger i dei viktige førebuingane for nettopp en slik tur.


Av  Laila Johanne Reigstad

Turen går i juli/august i år, og i utgåva etter sommaren vil lesarane få del i korleis det eigentleg gjekk på deira to vekers padleekspedisjon til Sør-Grønland. Dei tre heilårspadlarane frå Misje Kajakklubb på Sotra føler seg godt rusta til turen.


-Nordsjøen er vår næraste nabo her på Sotra, og den forsyner oss med store bølgjer, tett havskodde, sterk straum, «drag» i sjøen, kraftfulle dønningar og irriterande skvalpesjø, så det er eigentlig ikke noko å seie på dei lokale treningsforholda, slår de tre eventyrarane fast.

 

Likevel reknar dei med at turen vert utfordrande. Når ein skal padle på Grønland, langt frå folk, med vasstemperaturar på 2-3 grader celsius, bre-is som driv i bølgene, og med kajakker lasta med alt ein treng for to veker av mat, sikkerhets-, kajakk- og campingutstyr, vert ein utsett dersom været skulle skifte raskt, særleg under kryssing av breie fjordar.


Mesteparten av turen vil gå føre seg i områder der beste kart har oppløysing 1: 250 000, altså at ein centimeter på kartet tilsvarer 2,5 kilometer i terrenget! For desse områda planlegg dei etter satellittbilder, men på desse framgår ikkje dei lokale isforholda for 2015-sesongen, lokalitetar med mykje straum, eller om ei vik er ein god eller dårleg leirplass, då skilnaden på flo og fjære er opp til tre meter i desse områda.


Dei tre damene frå Misje Kajakklubb har god erfaring med logistikk og sikkerhet, ettersom dei alle er forskarar ved Institutt for Geovitenskap ved Universitetet i Bergen, og har lang fartstid frå tokt og feltarbeid i dei Arktiske områda.


-Sikkerhet er viktig. Vi kan satellittelefonar, VHF, våpen og førstehjelp, men satsar på berre å bruke satellittelefonen, og då berre til oppdaterte værmeldingar og eit livsteikn heim til mor. Å padle blant kalva bre-is og større isfjell er noko av det vi ser aller mest fram til. Vår padlerute rommer derfor både fjordar der 200.000 tonn med stor bre-is passerar ut kvar dag, og kilometerlange brefrontar med oppkomer av smeltevatn og issørpe etter utallege kalvingar.


-Vi skal padle gjennom område med mykje kval, havørn, sel og fuglefjell! Og så klart må vi padla til ruinane etter Brattalid, der Eirik Raude slo seg ned og der sonen Leiv Eriksson la ut frå då han skulle finne ut om det var hald i ryktet om Vinland. Meir ungdomsskulepensum vert det når vi padlar til Hans Egede sine busetjingar, slår de tre forskarane fast.

 

Hiv deg på og følg Laila, Desiree og Tamara, frå førebuingane på heimebane til sjølve Grønlandseventyret, gjennom artiklar utover sommaren og hausten. I tillegg finn du dei under «The Greenland Adventure, Summer 2015» på Facebook.

 

 

  • Categories: Nyheter

    Om journalisten