Padling i skodde

Padling i skodde

Blikkstill oktobermorgon med seks varmegrader. Det er fine forhold for ein rask trimtur før frukost. Lett jogg vel en km til naustet for å få varmen i fingrane før padlinga. Det er berre ein hake: Det er skodde, og eg har ikkje kompass på skjergardskajakken «Svalbard» som eg brukar til slike småturar.


Tekst og foto: Otto Inge Molvær

Men pytt, eg er godt kjend i fjorden og skimtar kjende landkonturar innover (sørover), og legg i veg. Planen er å padle ein halv time sørover, og så snu heimover. Det går fint unna på den blanke havflata, og etter ein halv time er eg der eg hadde planlagt, som vanleg, og snur heimover, trur eg. Men skodda har tetna og eg misser kontakt med land. Inne i skoddeheimen kan ein få rare sanseillusjonar. Eit par gongar har eg inntrykk av å gli unnabakke på den blanke flata. Etter ei tid får eg landkjenning att, men brukar litt tid på å finne ut at eg er der eg snudde, og har altså padla i ring.

No vel eg å ha synskontakt med landkonturane nordover, sjølv om eg er på «feil» side av fjorden. Snart kjenner eg stanken frå eit søppeldeponi, og veit kvar eg er. Denne stanken har eg ofte irritert meg over; no brukar eg han som navigasjonshjelpemiddel. Litt lenger nord høyrer eg bråket frå ein gravemaskin i eit steinbrot, og veit igjen kvar eg er. Dette bråket har og irritert meg når eg er på fredeleg tur i ein elles stille fjord; men no brukar eg støyen som hjelpemiddel.

Etter kvart skimtar eg to kjende holmar, og er orientert. Men eg skal altså over til vestsida av fjorden. Skal eg vente ved holmane til skodda lettar, eller skal eg peile meg inn på heimestøa og leggje i veg? Tolmod er (diverre) ikkje min fremste dyd, så eg legg i veg inn i skoddeheimen igjen.

Det går ikkje lenge før eg er i villreie om kvar eg er og kva eg held på med, kva retning eg padlar. Men så dukkar det opp ein kontur i skodda, ei stor bøye som har vore feste for ein merd. Igjen er eg orientert, og same spørsmål dukkar opp: Skal eg vente eller prøve vidare? Utolmodig som eg er padlar eg vidare, men blir snart desorientert, igjen.

Så skimtar eg ein kontur i skodda att: Ei stor bøye. Hm! Den likna svært på den eg forlét for ei stund sidan, og det finst berre ei i området. Altså har eg padla i ring igjen. No er gode råd dyre. Skodda kan bli liggjande lenge, så å bli liggjande i ro og vente er lite freistande. Eg prøver igjen.

Etter ei tid i uvisse inne i skoddeheimen lettar det så pass at eg skimtar solskiva gjennom skodda. På denne tida plar sola stå i aust, og sidan eg skal over til vestsida av fjorden, må eg ha sola i ryggen. Retninga «kjennest» heilt feil i mitt hovud, men eg tvingar meg til å stole på sola, og langt om lenge får eg landkjenning. Etter å ha granska området litt, finn eg ut at eg er på «rett» side av fjorden, men for langt nord.

Så padlar eg sørover med synskontakt til land heilt til eg er i heimestøa. Den «raske timesturen» er då blitt til 2t 20 min. Det vart sein frukost, og eg hadde lært ei lekse. Denne fjorden hadde eg padla på langs og på kryss og tvers i mange tiår, så at eg skulle kunne rote meg vekk her, var heilt uventa.

  • Categories: Artikler

    Om journalisten