Test av North Shore Atlantic RM

Test av North Shore Atlantic RM

North Shore Atlantic RM er ein kajakk som kjem til sin rett på lengre turar, med ein del last i. Det var det ein fryd å pakke i den. Med sine 360 liter lastekapasitet totalt, får du plass til det du vil i Atlanticen.


I 2006 kjøpte Valley opp North Shore- fabrikken. Den tidlegare sjefen, Mike Nelson, har fortsatt ansvaret for designet på kajakkane, medan Valley tek seg av kvalitet og leverer luker og senkekjøl. Glasfiberversjonen av Atlantic har vore på marknaden ei stund. I 2010 kom plastversjonen av Atlantic.  Den har også ein LV- versjon i glasfiber og plast, som er 485 cm lang, 55 cm brei og har eit volum på 275 liter. Glasfiberversjonen av Atlantic LV, heitte tidlegare ”Shore Line”.

 

 

Atlantic i gult, Aquanaut Club i raudt.

 

 

Atlanticen har ein svak V- forma botn og er flatare enn Cluben.

 

 

North Shore Atlantic har ein eittlags plastkonstruksjon. Ankepunktet mot nokre enkeltlags plastkajakkar, er at dei vert for mjuke. Dette kan føre til at skottveggar lasnar og det kan kome bulkar i konstruksjonen (”oilcanning”). Skottveggane på Atlanticen vil ikkje lausne. Dei er festa med tre skruar. Ein oppå, og ein på kvar side. Elles er dei i dobbel plast med holrom mellom. Det er tetta rundt med tetningsstoff på den eine sida.

 

Svakt punkt

 

For å hindre bulkar, er det eit rør av kompositt som ligg i botnen i kajakken. Dette røret går frå fremste, og bak til den bakerste skottveggen. Sjølv om dette røret er med på å halde formen, er det også eit svakt punktet på kajakken. Røret går igjennom tre skottveggar, og ved den eine gjennomføringa var det ikkje tett på testeksemplaret. Det rann vatn frå sitjebrønnen og fram i fremste lasterom. Etter nokre vekers bruk, kom det også litt vatn inn i skottet bak cockpit ved rørgjennomføringa.

 

 

Ved nokre av gjennomføringane var det litt slurv med tetningsmassen.

 

Ein annan ting som er usikkert, er korleis dette røret toler harde landingar på berg. Sjølv om kvaliteten på plasten verkar god, så kan ein knekk i røret føre til ei svekking i heile konstruksjonen. Eg har ikkje fått prøve kajakken til røff brottpadling, så eg kan ikkje uttale meg om styrken på komposittrøret. Eit anna problem, er at det kan samle seg skit under røret nedi kajakken, som kan vere vanskeleg å få ut. Erfaring har også vist at kombinasjonen av stivt materiale (kompositt) og mjukt materiale (plast), ikkje alltid er ein god kombinasjon.

 

Ein positiv ting med dette røret (i tillegg til at det stivar av), er at det fungerar som ein ”hel- stoppar”. Nokre gonger (til dømes ved rulling) kan ein fot skli av pedalen, og dette røret hindrar faktisk foten frå å skli av. Padlaren sit godt planta med begge føtene under all slags padling.

 

Skikkeleg rigga

 

På Atlanticen er det skikkeleg rigga med sikkerheitsliner rundt heile kajakken, og dei er av god kvalitet. Alle fester til liner og strikk er nedfelt i kajakken, med forsegling på innsida. Det er bra med strikk på framdekket. På bakdekket kunne det med fordel vore litt meir, men dette kan ein jo ordne sjølv. Redningshandtaka er akkurat slik dei skal vere: gode og solide, og dei kan klipsast inn på kajakken med strikk.

 

 

Bakdekket med litt sparsommeleg strikk.

 

Det er tre skott på Atlantic RM. Framskott, romsleg skott bak sitjebrønnen og stort bakskott med oval luke. Lukene er produsert av Valley, er lette å få på og av, og sit godt på kajakken. På alle Valley- lukene er det ein solid kant å ta tak i, difor er det uproblematisk å få av lukene, sjølv ute på sjøen. Eg har ikkje merka at det har kome vatn inn lukene i testperioden.

 

Godt sete

 

I denne versjonen av Atlantic er det ein romsleg sitjebrønn. Setet er festa med to gjennomgåande boltar på kvar side. Etter mi meining, er setet eit av dei beste eg har prøvd. Det kan minne om Valley i polstringane på setet og på sidene, men sjølve setet er i ein mjukare plast- konstruksjon. Sidan det er polstringar på sidene av setet, kan ein lett tilpasse setet. Du kan leggje minicell under, eller ta polstringane heilt vekk.  Eg opplevde at setet var svært godt å sitje i, over tid. Ikkje noko teikn til sovande føter eller andre plagar, sjølv etter mange timar i kajakken.

 

 

 

 

Øverst: Setet var svært godt å sitje i.

 

Midten: Ryggstøtta med justering i borrelås og stramming i strikk.

 

Nederst: Polstring på siden av setet.

 

Slik setet vart levert på testeksemplaret, var det litt for breitt for meg. Eg sklei litt sidelengs i setet ved rulle, ”static brace” og kanting. Ryggstøtta er festa med band i setet, og kan justerast med borrelås. Det er også strikk med stramming på ryggstøtta, som er festa i sjølve sargen rundt sitjebrønnen. Spruttrekket blir altså plassert oppå strikkene. Litt rart kanskje, men eg opplevde ingen problem med dette. Eit lite obs kan vere at det på grunn av røret, kan vere ei komplisert sak å skifte setet. Kanten rundt sitjebrønnen er tjukk og godt utforma. Det går greitt å få på, og ta av spruttrekket. Heile kajakken har eit høgt fribord utan last, og spesielt sitjebrønnskanten verkar høg.

 

Held mål

Lårstøttene er laga i plast og ser litt spinkle ut. Men dei har vist seg å halde mål. Dei er festa med tre skruer. Viss ein borar nye hol i festa på sidene, kan ein justere lårstøttene begge vegar i lengderetninga. Under padlinga var lårstøttene ei svært positiv overrasking. Dei gav god kontakt med kajakken under all slags padling. Dei er svakt bua under, slik at knea held seg i ro. Atlantic har skinner i metall og fotstøttar i hardplast. Justeringa av desse vert gjort ved at ein held inne ein liten hendel bak fotstøtta. Dette kan også gjerast med føtene, når ein sit i kajakken. Dei held seg heilt i ro på skinna ved hard trakk. Som til dømes ved rulle og brottpadling.

 

 

Kajakken er fin til teknikkøvingar.

 

 

V-forma skrog

 

Skroget på kajakken har ein svak V- form, med noko markert overgong til sidene. Skal ein samanlikne med ein liknande båt i denne prisklasssen, er det naturleg å trekke fram Valley Aquanaut Club. Samanlikna med Cluben, har Atlanticen flatare botn og ei rettare form, altså mindre spring. Den har også noko meir volum enn Aquanauten. I tillegg har den dagsluke bak cockpit, noko som manglar på Cluben.

 

Kajakken opplevest også som raskare og meir retningsstabil enn Cluben. Du sit også betre i Atlanticen. Lårstøttene, setet og fotpedalane er betre, etter mi meining. Alle desse tinga gjer at ein kan seie at Atlanticen eignar seg betre til lengre turar, enn Cluben gjer. Men Cluben reagerar raskare på kantesving og er lettare å rulle enn Atlanticen. Cluben er også betre til brottpadling, sidan den er lettare å manøvrere.

 

 

Senkekjølen.

 

North Shore Atlanticen har ein primærstabilitet midt på treet, men har ein svært tydeleg og høg sekundærstabilitet. Dette er særleg moro når ein kantar eller driv med anna teknisk padling. Du kan leggje kajakken langt over på siden utan å vere redd for plutselege overraskingar. I fart svingar kajakken greitt ved bruk av kanting. Og viss ein supplerar med baugtak, blir det ein svært effektiv sving.

 

Eigenskapar i sjø

 

Eg har prøvd kajakken både tom og fullasta. Då vinden kom opp i frisk bris opplevde eg, med tom kajakk, ei avdrift ved padling med vind og bølgjer frå sida. Den held vinkelen bra i høve til bølgjene når ein padlar slik, og den har ein tørr og god gange, men ein får altså ein sidevegs forskyvning. Her var det heller ingen hjelp å få frå senkekjølen. Ulasta ligg den for høgt med vekta mi, og blir eit offer for avdrift, i sterk vind. Ein annan ting som må nemnast, er at den i store bølgjer, er vanskeleg å vende opp mot vinden når kajakken er utan last.. Sjølv med bruk av kanting måtte det mykje sveipetak til for å få den opp mot vinden. Den likar seg best med vind frå sida, og måtte ”tvingast” opp mot vinden. Når forholda var rolege, oppførte kajakken seg mykje betre; retningsstabil og god å padle.

 

 

Justeringa for kjølen vart litt treigare etter ei tids bruk.

 

Med last opplevde eg kajakken som betre å padle, enn då den var tom. Særleg då det var noko vind. Den låg djupare i sjøen og vart mindre kjenslevar for vinden. Den var fortsatt god å kante med, og responderte bra på ulike teknikkar. Denne oppfatninga vart også delt av andre som prøvde den med last.

 

Eignar seg til teknikkøving

 

Atlantic er ein kajakk som eignar seg svært godt til ymse teknikkøvingar. Den er god når det gjeld ulike styretak og bruk av kanting. Den reagerar raskt, og har ein tydeleg sekundærstabilitet. Rulla går greitt med denne kajakken. Eg har prøvd kajakkar som er mykje lettare å rulle, men når det gjeld havkajakkar, er denne middels. Då den var fullasta, gjekk den (slik som dei fleste andre havkajakkar) litt saktare rundt. Du må hjelpe litt til for å kome i utgangsposisjon.

 

Ved cowboyredning opplevde eg at den kan vere litt tung å få tømt når ein ligg i sjøen. Ein annan ting er at du sit ganske høgt på sargkanten, før du set deg ned i setet. (sjå bilete) Begge desse tinga skuldast det høge fribordet som denne kajakken har, utan last. Det er også ein del av forklaringa til avdriftsproblemet. Det er litt vanskeleg å få tømt den heilt for vatn, ved cowboyredning, fordi det er eit mellomrom mellom setet og skottveggen bak. Eigentleg rart at så mange kajakkmodellar har dette mellomrommet. Re- entre og rulle gjekk fint i Atlanticen. Så lenge beina var på plass, var det uproblematisk å rulle opp. Åreposeredning gjekk også fint, men her kan også det høge fribordet vere eit problem.

 

Har senkekjøl

 

Senkekjølen, som er produsert av Valley, har nesten ikkje vore i bruk i testperioden. Sjølv om eg har hatt lita trong for den, er det liten tvil om at den trengs ved uheldige fordelingar av last og ulike vindtilhøve. Ein annan ting som kan nemnast, er at senkekjølen har ein tendens til å ”klakke” når den er oppe. Som ein kan sjå av bilete, ligg kjølen i ei svært romsleg kjølkasse, slik at det vert ein del rørsle her. Justeringa til senkekjølen har vist seg å bli litt treigare i løpet av testperioden. Atlanticen kan også påmonterast ror frå diverse fabrikantar, men denne modellen har ikkje trong for det.

 

 

Lårstøttene og fotpedalane var gode, ved all type padling.

 

 

Gode redningshandtak. Tillaga for ror.

 

Bruksområde og konklusjon

Når det gjeld bruksområde til North Shore Atlantic RM, vil eg seie at den eigentleg kan brukast til det meste. Men dette er ein kajakk som kjem til sin rett på lengre turar, med ein del last i. Det var det ein fryd å pakke i den. Med sine 360 liter lastekapasitet totalt, får du plass til det du vil i Atlanticen. Når den bakarste luka i tillegg er oval, får du greitt inn dei største tinga der. Atlantic RM eignar seg også godt til småturar og teknikktrening. Det er ein leiken båt, du sit svært godt i den og du treng ikkje vere redd for å bli ei sinke i lag med andre.

 

På lengre turar bør den vere lasta dersom du er ein lett padlar, slik at problemet med avdrift vert redusert. Alternativt kan ein kjøpe LV- versjonen som har mindre volum. For folk som har som hovudmål å padle ein leiken kajakk, sjølv om den er fulllasta, kan North Shore Atlantic RM vere eit svært godt val. Det er ein god turkajakk, og du får mykje kajakk for pengene.

 

Teknisk data:

Lengd: 515 cm

Breidde: 55 cm

Volum: 360 liter

Vekt: 26 kg

Pris: Fra 11.900-14.800

 

Forhandlarar:

Yst Ute (http://ystute.no/)

Havpadlern (http://havpadlern.no/)

God Tur (http://www.god-tur.no)

 

Om testaren:

 

Er 186 cm høg og 80 kg tung. Er aktivitetsleiar NPF og har noko erfaring i å halde kurs. Føretrekk brit- kajakkar med senkekjøl. Likar best padling i bølgjer og surf, men også glad i lengre turar.

 

Testkajakken var lånt ut av Yst Ute (Fosnavåg)

  • Categories: Nyheter, Tester
    Tags: Kajakk, Tester

    Om journalisten