Med Sommarøy som utgangspunkt
Meir forlokkande reklame enn sjølve namnet kan øya utanfor Tromsø neppe få. Me var tre padlarar som kom med fly frå Bergen ein dag i august, og leigde kajakkar av Eivind Alexander Davies i «Arctic Wild» (www.arcticwild.no). At to av oss hadde ærend i embets medfør, dempa litt av «fly-skamma».