Vårslepp i Bulandet

Vårslepp i Bulandet

Våren er ikkje så langt unna, og Askvoll padleklubb er alt ute med invitasjon til årets Vårslepp, som går av stabelen helga 22. – 24. april i Bulandet. Her vil du møte andre padlarar frå fjern og nær og kunne padle i eit øyrike det knapt finst maken til på kysten av Noreg.


Etter ynskje frå mange padlarar så vil klubben ta sikte på å ha eit arrangement der padle- og matglede er i fokus. Av den grunn har arrangøren valt å ikkje arrangere kurs av noko slag. Det vert heller ikkje noko formelle, guida turar. Dette vert i staden eit av tilboda på Stormsamlinga 30. september til 2. oktober 2011.

 

Om du ikkje er kjend i området så kan du vere med ein av dei lokalkjende padlarane frå Askvoll ut på tur.  Klubben har bestilt ”Floren” fredag kveld, så det er berre å komme innom for sosialisering og padleprat. Middag vert laurdagskveld, og den vil vere av beste kvalitet sidan Liv Turid Gjørøy er kokk i år igjen.

 

Arrangøren samlar inn bilete frå dagen og viser på skjerm etter middagen. Totalt er det plass til 50 personar på middag. Denne må vere førehandsbetalt til Askvoll Padleklubb og kostar 600 kroner per person. Prinsippet om fyrstemann til mølla gjeld. For nærare informasjon: [email protected]

  • Categories: Nyheter

    Om journalisten