This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Steigen – eit alternativ til Lofoten
2016-sommarens høgdepunkt: Me, Otto Inge Molvær og eg, er i Steigen kommune, nærmare bestemt på veg mot Lauvøya, på nordsida av ytre Flagsundet, fire kilometer i luftlinje innanfor Flatøy fyr, ytst mot Vestfjorden. Det er sol og blå himmel, men for oss kajakkpadlarar ein plagsam vind frå nord, ikkje sterk (5-7 sekundmeter), men konstant og vedvarande.

Me bruker minst dobbelt så lang tid på fjordkryssinga frå Nordskot over Skotsfjorden/Breisundet som normalt ved roleg sjø. Ei kvit stripe, ei sandstrand langt der framme, er siktemålet, men me ser ikkje ut til å komme nærmare. Etter rundt tre...