Nå Leser
Store kontraster på Spitsbergen

Store kontraster på Spitsbergen

Nyskjerrig sel - Kajakktur Spitsbergen

Den 100 km lange Isfjorden bortimot kløyver Spitsbergen i to på midten, frå munninga, Kapp Linne i vest til Von Post-breen i aust. Frå dei to hovudfjordane sentralt i Isfjorden, Nordfjorden og Sassenfjorden, greinar fire mindre fjordar seg ut som fingrane på ei hand, i nord Ekmanfjorden og Dicksonfjorden, i nordaust Billefjorden og i aust Tempelfjorden.

I dette området var det me fire, Otto Inge Molvær (72), Stein Helge Glad Nordahl (51), Frederik Goplen (43), dei to siste yngre kollegaer av Molvær, og underteikna, Olav K.Aksnes (71 og pensjonert norsklektor), padla ni dagar seinsommaren 2011.

Olav Aksnes - Kajakktur på Spitsbergen
Olav Aksnes – Kajakktur på Spitsbergen

 

Spesielt målområde

Isfjorden peikar seg ut som spesielt interessant målområde av fleire grunnar. Variert natur, rikt dyreliv, relativt mildt klima til å vere i Arktis, gode kommunikasjonar (flyplassen i Longyearbyen). I Longyearbyen er det et stort tilbod av overnattingsstader og butikkar, med rikt utval av mat/proviant og anna nødvendig for turen. Der kan ein og leige våpen, som er påbode for alle som vil ferdast fritt i terrenget. Her er det også eit profesjonelt utleigefirma ( Jørn Dybdahl), der ein kan tinge kajakkar og padleutstyr.

Under isen - Kajakktur på Svalbard
Under isen – Kajakktur på Svalbard. Foto: Olav Aksnes

Det er vanskeleg for ein som ikkje har vore på Svalbard før å førebu seg mentalt på den opplevinga det er å padle langs dei milelange rullesteinsstrendene og moreneslettene. Mektige, lagdelte fjell, som er flate på toppen (Templet og Brisingfjellet) eller spisse, regelmessig geometriske, som Pyramiden. Fjell forma av naturkrefter gjennom hundretals millionar år. Eller sige i fotograferingstempo eit par hundre meter frå fronten av Nordenskiøldbreen og Ferriermorenen, med nysgjerrige selar symjande rundt kajakkane, til toredrønn frå det indre av isen – til hell for oss at breen ikkje kalva dei timane me var der. Eller slå leir på frodige strandsletter, med flokkar av  svalbardgjess, fredeleg beitande reinsdyr og nyfiken polarrev i bakgrunnen. Med kamera på magen, Mauseren over skuldra, signalpistol under armen, på tre timars isbjørnvakt frå kl 2200 til 0100, i midnattssol lågt over horisonten, i eit lys som omskaperTempelfjellet til Partenon på Akropolis, med ein soldat vaktande ved inngangen (fjellsøyla Skiltvakten).

Det som vanskeleg kan formidlast fullt ut i ord og bilde, er kontrasten mellom den veldige naturen og dei små farkostane, avmakts- og øydemarkskjensla, saman med gleda over å meistre samspelet. Bilda fortel likevel mykje om ein natur som er svært ulik den me opplever til kvardags  i fastlands-Noreg, kanskje endå meir majestetisk enn sjølv den heime i Hardanger.

 

Molvær avgjerande for turen

Ein av førestnadene for at turen let seg gjennomføre, var at Otto Inge Molvær var med.  Utan hans lokalkunnskap og erfaring hadde det ikkje blitt noko av ”ekspedisjonen”. I tillegg til sin akademiske og militære karriere, må han seiast å vere ein av veteranane innan langdistansepadling i Noreg, både når det gjeld alder og tilbakelagde tøffe kilometer gjennom 50-60 år. Kjærleiken til polare strøk stammar frå tida som ung lege på sjukehuset i Longyearbyen i 1977. Dette opphaldet var utgangspunkt for mange og lange utflukter til lands – på ski og til fots – og på sjøen, i kajakk, då og seinare.

Den mest ekstreme var nok den 600 km lange skituren saman med kameraten, den legendariske fangstmannen Harald Soleim (frå Laksevåg). Først på kryss og tvers i området mellom Isfjorden og Van Mijenfjorden, deretter mot nord, langs Wijdefjorden til nordspissen av Spitsbergen, Verlegenhuken, så attende til Longyearbyen. I tillegg til dette har han gått over Grønlandsisen og var ekspedisjonslege då Trollbasen blei etablert i Antarktis i 1989-90

 

Kort om reisa

Tidsrommet for turen blei fastsett til månadsskiftet juli/august, midt i travlaste turistsesongen. Derfor måtte me vere ute i god tid for å sikre oss flybillettar Gardemoen-Longyearbyen retur. Dei blei kjøpte over nett tidleg hausten 2010 og kosta rundt 5.000 kr. Omtrentlege totalutgifter for turen pr person kr 20.000.-, inkl. reise, to overnattingar, utgifter til mat, leige av padleutstyr og våpen. Oversikt over det me hadde med oss av utstyr og det me kjøpte/leigde i L. kjem seinare.

 

Klargjering før avreise - Kajakktur på Svalbard.
Klargjering før avreise – Kajakktur på Svalbard. Foto: Olav Aksnes

 

Ønskte mål

Det er grenser for kor mykje ein kan få med seg på ni dagar. Ver og vind har me ikkje makt over, ein må improvisere. Desse stadene ville me sjå og oppleve:

Les også

  • Svenskehuset
  • Pyramiden – nedlagd sovjetisk/russisk gruveby
  • Nordenskiøldbreen
  • Diabasodden – staden der Jørn Hurum og hans flokk av fagfolk og amatørar dei siste somrane har grave ut det fossile skjelettet av fortidshavuhyret Pliosaurus.

Alle desse stadene, og meir til, fekk me med oss.

 

Utstyr

Leigd hos Dyrdahl: Kajakk,  spruttrekk, flytevest.

Frakta med oss: Padleårer, telt (4 Hilleberg Staika), soveposar, liggeunderlag, tørrdrakter ( Kokatat, Nemo), lufttette transportposar, foto-og videoutstyr, kokeapparat (Jetboil), kle (mykje), kart i målestokk 1:100.000, kompass, mobiltelefon (mobildekninga dårleg mange stader), førstehjelpsutstyr. Otto hadde med seg nødpeilesendar og VHF-radio (som altså kom til god nytte).

Kajakkane av merket Necky Narpa, var svært veleigna. Dei hadde god stabilitet, var lettdrivne og robuste, det siste svært viktig fordi landingane  skjedde på steinete strender.

For dei som kunne tenke seg å gjennomføre ein liknande tur i Isfjorden, men kjenner seg litt utrygge, finst det alternativ. Organiserte turar, der arrangøren tar seg av det meste. Her kan nemnast Spitsbergen Travel:  www.spitsbergentravel.no

_______________________________________________________________________________________________________________

© 2019 Media Digital AS. All Rights Reserved.

Bla til toppen