3535 Views

Vanskelig start på padletur på Svalbard

Padling nr 3 er nå ute til abonnentene og i salg i Narvesen fra torsdag av. I denne store utgaven kan du blant annet lese en innholdsrik artikkel fra Svalbard, ført i pennen av Olav K. Aksnes. Han har også fotografen bak alle de flotte bildene som saken er illustrert med.

Juni 04, 2012
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Det første møtet med Svalbard er ikkje udelt positivt. Då flyet landar kvelden 28. juli, ligg frostdisen over Adventfjorden, og drivis frå breane pakkar seg saman i hamna i Longyearbyen. såpass tett at me har problem med å sjøsetje kajakkane dagen etter. Uventa på denne årstida.

Første del av turen, ut Adventfjorden, innover mot Diabasodden, over Isfjorden, går utan problem: solskin, vindstille, i ein kort periode held me på å bli sperra inne av drivande isflak. Å krysse Isfjorden, 15 km på staden, tre timars padling, bør ein ikkje tenke på om det er den minste utsikt til dårleg ver.

Svenskehuset  - Kajakktur Svalbard
Innover mot Svenskehuset – spor etter gruvedrift. Foto: Olav Aksnes

Svenskehuset

Svenskehuset ligg seks kilometer innanfor Kapp Thordsen, om lag ein kilometer frå stranda. Slitsam etappe inn: Tømming av kajakken, tung bagasje, det me treng for overnatting i huset, bratt opp grus-og sandskråning, to steg fram, eitt tilbake, til grasslette/myr i 25-50 meters høgd over sjøen. Så innover, same prosedyre neste morgon i motsett retning.

Svenskehuset blei bygd av den finsk-svenske forskaren og oppdagaren Adolf Erik Nordenskiøld, førstemann gjennom Nordaustpassasjen, pioner i utforskinga av Svalbard i 1872. Det nyleg rehabiliterte huset blei reist i samband med kortvarig gruvedrift; same året overvintringsstad for 17 unge fangstmenn, som alle døde av skjørbuk og blyforgifting (?) – dei åt kjøthermetikken i depotet, men let dei hermetiske grønnsakene ligge! Mennene kviler under trekors på staden.

Inn Billefjorden

Pyramiden, 27 kilometers padling frå Svenskehuset, inn Billefjorden, kort matpause i Skansebukta, idyllisk vik under det mektige Skansen-fjellet  –  vidare inn fjorden i frisk medvind – nesten på grunn i Mimerbukta, grumsete sjø, langgrunt, padleåra i botnen på halvmeters djup, omveg ut att og inn til utskipingshamna i Pyramiden, staden Kjartan Fløgstad meisterleg skildrar i den dokumentarisk-magiske forteljinga ”Pyramiden – Portrett av ein forlaten utopi”.

Dei industri-tekniske installasjonane er i sterkt forfall. Sjølve bysenteret er intakt, om lag slik det stod i sine glansdagar på 1960 – 1980-talet, eit kommunistisk mønstersamfunn som skulle lokke ikkje altfor godt vande sovjetarbeidarar og funksjonærar til denne sivilisasjonsutposten – i dag stort sett berre besøkt av turistar med lokalbåten frå Longyearbyen eller meir og mindre tilfeldig forbipasserande båtfolk og padlarar. Våre mest ”minneverdige”, nesten surrealistiske opplevingar i byen: kort besøk som einaste gjester i hotellbaren og overnatting  i gjestehus av samanstilte konteinerar nede på hamna, artig kontrast til det ”primitive” teltlivet.

Overveldande inntrykk

Nordenskiøldbreen, skrått innover Billefjorden, forbi Brucebyen (namnet på to forfalne brakker) og Kapp Napier inn til brefronten. Høgdepunktet denne dagen er skildra i artikkelen om Spitsbergen og blir ikkje repetert her. Me overnattar på ein stad utan namn på kartet, mellom Kapp Scott og Kapp Ekholm, litt lenger ute i fjorden.

Storhendinga neste dag er den fleire kilometer lange padlinga i frisk sjø under den spektakulære fjellsida opp mot Brisingfjellet. Inntrykket  overveldande, overnaturleg som landskapa i Tolkienfilmane: Fleire hundre meter høge søyler i hardt fjell i regelmessig avstand frå kvarandre, med gigantiske jettegryter imellom, uthola i mjukare fjell, tilhaldsstad for myriadar av fugl, alt forma av  millionar års erosjon. Under dette naturmirakelet er fire menn i kajakk småkryp.

Same kveld, etter at telta er komne på plass, tek Otto, Stein Helge og Frederik seg ein snartur opp i urda under fjellet. Dei kjem tilbake med fem fossilar. Sjølv sparkar eg tilfeldig borti ein stein på stranda under isbjørnvakta same natta. Det er eit fleire millionar år gammalt forsteina skjell. Kjøpte suvenirar treng ein ikkje ta med seg frå Svalbard.

Anservika – Bjonahamna

Ein dag med litt dramatikk. Vindstyrken ikkje stor, men fjorden går kvit. Bølgjene forsterkar seg over langgrunnene inn mot land. Me held oss nær stranda. Plutseleg dukkar spissen av ein stor stein opp, mellom bølgjetoppane, to meter lenger framme. Roret lystrar ikkje pedalane. Eg må kjøre kajakken på land og held på å velte. Dei andre tek seg og på land. Enden på visa blir at me tømmer kajakkane, dreg/ber dei over land saman med bagasjen, bortimot ein kilometer over Gåsodden, til me kjem i le for nordavinden bak neset. Det er tungt.

Von Postbreen fotografert frå Bjonahamna
Von Postbreen fotografert frå Bjonahamna. Foto: Olav Aksnes

Padlinga vidare mot Tempelfjorden er heller ikkje utan komplikasjonar. Den fire kilometer breie Gipsvika ser ut til å ha flat sjø. Midtvegs over møter Otto og eg den heftige brevinden frå nord, gjennom Gipsdalen. Rorvaieren har kilt seg fast. Vinden kjem rett frå sida. Det er umogleg å halde kursen. Med roret oppe snur kajakken ut mot fjorden, nede går han ukontrollert i sirkel. Kilometrane inn til land blir padla med ein arm, skiftevis høgre og venstre. Otto padlar i kajakken sin ved sida bak, løfter og senkar roret på båten min i takt med at høgre/venstre armen min blir nummen av melkesyre. I lange periodar avanserer me ikkje i den råsete motvinden. Eit slit. Dei to andre padlar uproblematisk langs land. Krøllet på rorvaieren blir fiksa inne på stranda. Me held fram i roleg sjø og medvind, forbi ein stranda iskoloss, til Bjonahamna, ein grøn oase i steinørkenen under Templet.

Drama på Von Postbreen

Vind frå sørvest. Me blir einige om å setje kurs mot Fredheim på hi sida av fjorden, skrått mot vinden. På Bjonapynten tek vinden  godt. Me bestemmer oss først for å krysse fjorden beint over, der han er smalast. Eg snur kajakken, får vinden i ryggen, høyrer ei stund at dei andre pratar, får ikkje med meg at dei har endra retning, tilbake til den opphavlege. Først under land på hi sida, fire km lenger framme, oppdagar eg at dei andre er søkk borte. Ingen av oss veit kvar den /dei andre er. Kort fortalt, eg returnerer til Bjonahamna, ser framleis ingen, dreg kajakken på land, kler på meg tørre kle og set meg til å vente utanfor ei open hytte der seks bergensarar ferierer. Dei vil iallfall vere tilbake frå fisketur i løpet av dagen.

Innover mot Nordenskiøldbreen
Innover mot Nordenskiøldbreen. Foto: Olav Aksnes

Samtidig, 13 km lenger inne i Tempelfjorden. På Von Postbreen går ein aggressiv isbjørn til angrep på fire ungdommar i eit telt. Dei høyrer til ein flokk på 40 engelske ungdommar med leiarar som skal oppleve breeventyret. 17-åringen Horatio Chapple blir drepen, dei tre andre hardt skadde. Ingen av oss veit noko. Me  registrerer stor helikoptertrafikk dagen etter.

Ein cabincruiser nærmar seg Bjonahamna. Den legg seg for anker 50 meter frå land. Det er langgrunt. ”Er det Aksnes?”  Ambulansehelikopterpilot og oppsynsmann, Stig Onarheim, med  kontakt til sysselmannskontoret, har oppfanga anrop på VHF-radiotelefonen til Otto. Ein og ein halv time seinare er me saman igjen på Vindodden. Onarheim får stoppa helikopteret som er i ferd med å lette. Me blir sparte for fleire titusen kroner. To viktige lærdommar: 1:  Hald gruppa samla under vanskeleg forhold. 2:  Ein gul kajakk er langt meir synleg enn min røde (ifølgje Onarheim).

Grønkledd strandslette

Vindodden er ei vid, vakker, grønnkledd strandslette, med mange hytter, populær utfartsstad for folk i Longyearbyen med hurtiggåande båt. Eit hyttetun, bygd av drivtømmer frå Sibir, å sjå til av same standard som palassa på Geilo og i Trysil, vegg i vegg med det vesle tjørepappkledde krypinnet av ei fangsthytte. Den nye og den gamle tid.

Siste etappar:  Kort tur på land på Diabasodden. Eit ungt fransk par, biologar, studerer fuglelivet på staden, elles ingen synleg aktivitet. Det minneverdige denne ettermiddagen og kvelden er den milde brisen, kanskje 15 grader. Me kokar oss pulvermiddag, ligg i teltopninga og solar oss på 78 grader og 20 minutt nord. Bortanfor, under snøskavlen, beitar to reinsdyr, bak ein haug tittar ein polarrev fram.

Stressa isbjørn

Frisk padling med sjøen akter. Under Forkastningsfjellet ligg ein stor RIB-båt nær stranda, med baugen vend innover, full av turistar, journalistar og fotografar med lange teleobjektiv. Ein stakkars stressa isbjørn labbar kvilelaust fram og tilbake, hoppar i vatnet og sym i vår retning. Me set opp farten. Neste dag er det bilde av denne bjørnen i Aftenposten. Fotografen er ein av flokken i RHIB-båten.

Siste timen inn til Longyearbyen er det ikkje mykje å skrive om, bortsett frå at me er i godlag. Inne i bua til Jørn Dyrdahl ringer mobiltelefonane. Engstelege familiemedlemmer er på tråden og vil forsikre seg om at me er i god behald. Nokon av dei hadde fått med seg den aller første meldinga frå Von Postbreen, at ein var drepen og tre alvorleg såra. I den blei det ikkje opplyst at offera var unge engelskmenn. I ein times tid trudde dei det var me.

 

 

Leir under Cowantoppen. Foto: Olav K. Aksnes.
Leir under Cowantoppen. Foto: Olav K. Aksnes.

 

 

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy