1962 Views

Vener kjem i kajakk

Mars 25, 2024
Kameratredning
Skrevet av:

Torunn Todal Laberg

Det heiter seg at noko kan kome rekande på ei fjøl. Sanninga er at det skjer sjeldan med vener. Nokon kan likevel koma  i kajakk!

 – Ut i dag?

Meldinga frå Stine lyser mot meg på mobilen.

– Alltid! svarar eg, vel vitande om at «ut» kan tyda ei mengd ulike ting. Me bur nemleg i ei bygd som ligg klemt inne mellom Jotunheimen og Sognefjorden. Bratte fjellsider, digre fossar og djup fjord er ein del av kvardagen. Kva me finn på blir slik sett underordna behovet for å vera mest mogleg ute. Me kan nemleg ta føre oss av godane heilt uhemma, og ofte er det vêret som får bestemma. Og her i denne bygda har eg funne folk som Stine. Ho høyrer til ein mennesketype eg opp gjennom åra har oppdaga at eg elskar å samla på – usminka kvinner og menn med flokar i håret som smiler stort i motvind og puddersnø.

– Sjekkar du med Brita? skriv Stine i ei ny melding.

Eg sjekkar med Brita, og etter 5 minutt er planen klar. Det blir padletur i dag sidan fjorden ligg blank og freistande, men som vanleg har me ikkje mykje tid til å gjera oss klare. Når me samlar oss til tur, så skjer det fort. For me er jo travle som alle andre i samfunnet som skal sjonglera jobb og familie, klesvask og dugnad for idrettslaget. Alt det travle blir fort gløymt når me svingar inn på same rasteplassen ved fjorden med kvar vår kajakk på biltaket.

Og ut av bilane stig to damer eg set stor pris på. Stine ser ut over fjorden, strekk armane i vêret og brølar ei glose som ikkje eignar seg på trykk.

– Eg må berre banna når livet er så vakkert som no, ropar ho.

Eg og Brita ser på kvarandre og ler og eg dreg pusten djupt og får sjølukt i nasen og lukke i kroppen.

 

Jenter ved foss. Vennskap
Vener ved foss: I følge artikkelforfatteren bør alle slå ut håret framfor Vettisfossen minst ein gong i livet! Foto: Torunn Todal Laberg

Saman er ein mindre aleine

Tenk at det kan vera så lett og fint å vera saman? Desse damene vart eg først kjend med i vaksen alder, men det kjennest som om me har vore venner heile livet. Me vaks faktisk opp i same bygda, men i ulike årskull. Og i oppveksten var me nok ganske ulike. På vegen mot vaksenlivet gjekk me i tre ulike retningar, heilt til me plutseleg møttest, på fjorden, i kvar vår kajakk, med det til felles at me alle hadde tatt valet om å flytta «heim». Og kanskje er det vanleg å tru at «alle» i ei lita bygd kjenner kvarandre, er del av ein fellesskap og slik sett er mindre einsame enn folk busett på større stader? Slik er det nok diverre ikkje. Einsemd ser ut til å vera eit veksande samfunnsproblem overalt. I 2019 via regjeringa faktisk eit heilt kapittel til temaet einsemd i folkehelsemeldinga Gode liv i eit trygt samfunn. Den digitale utviklinga i samfunnet burde kanskje føra oss tettare saman, sidan det er enklare å halda kontakt med folk. Likevel får me høyra at einsemda aukar, fleire kjenner på utanforskap og den moderne levemåten slit på mange. Eg rekk akkurat å tenkja at eg er heldig her eg sit med fjorden under meg, fjella over meg og saman med fine folk, før eg høyrer velkjende pustelydar bak meg.

– Niser! ropar Brita, med fryd i stemma.

Sognefjorden
Spegel: Gode vener tek deg UT! Foto: Torunn Todal Laberg

Ein fjord for oss sjøvle

Og ein liten niseflokk passerer oss berre 10 meter unna. Me padlar etter med kurs utover fjorden, og passerer Vikadalen. Målet er Indre Ofredal, og akkurat denne turen er ein klar favoritt blant sommarturistane som finn vegen til bygda vår. Akkurat denne dagen har me fjorden heilt for oss sjølve, og me kryssar over til nordsida av Årdalsfjorden og følgjer fjellsida til me kjem innunder Paradisjuvet.

– Dette! Akkurat dette er god nok grunn til å bu her, seier Stine og slår ut med armane.

Og eg tenkjer at ho har heilt rett. At det er fordelar og ulemper same kvar ein bur, men at naturopplevingar og folk å dela det med gir ein tilleggsverdi i livet. Eg tek fram telefonen og knipsar eit bilete. Fjorden er som ein spegel, og det er så vindstille at det kjennest som om lufta står stille og dirrar.

– Fjorden er så stille at det ser ut som de svevar, seier eg.

Akkurat no

Me padlar vidare utan å seia så mykje. Det held lenge å berre vera akkurat no. Det er så godt å vera i rørsle framover, eg kjenner meg alltid så lett og fri i kajakken. Og kanskje er det nettopp denne kjensla som gjer at eg stortrivst med å halda padlekurs, og som gjer at eg har trua på padling og friluftsliv som løysinga på mange av dei utfordringane me stadig får høyra om. Forskinga fortel oss at naturen gjer oss godt. På andre sida vert det peika på at einsemd er noko av det som påverkar helsa vår svært negativt. Møteplassar i naturen kan såleis vera ein nøkkel for betre livskvalitet for mange. Norsk Friluftsliv har publisert ei mengd rapportar og forskingsartiklar som peiker på dette, og eg kjenner det sjølv kvar gong eg er på tur med desse damene.

Me rundar no fjellsida nedanfor Kyrkjeskori, og snart ser me den gamle ferjekaien i Indre Ofredal. Me blir kjapt einige om å gå i land for å eta litt, og som vanleg har Brita tatt med seg noko ekstra som me andre får nyta godt av. Det skal eigentleg veldig lite til for å få folk til å trivast, tenkjer eg, og ser bort på Stine og Brita. Det er som om dei to har sine eigne små kraftverk på innsida som produserer god energi. Og dei er ikkje redde for å dela. Dei deler latter, kunnskap og entusiasme. Og dette kan me alle læra av. Og er det ein ting eg er heilt sikker på, så er det at:

Ein god venn i kajakk, er ein god venn på land.

Humpetitten, humpetatten

Eg legg med eitt merke til eit drag i lufta. Sola har bevegd seg over himmelen og er i ferd med å landa bak fjellet. Solgangsbrisen kan koma brått på når varme fjellsider gjer lufta varm og lett slik at den stig oppover, og så kjem det kjøligare luft sigande inn frå havet for å erstatta lufta som har stige opp. Slikt blir det bølgjer av.

– Det blir ein humpete retur, seier eg.

Brita berre gliser.

– Bring it on, ropar Stine.

Me padlar ut i bølgjene og legg kursen innover fjorden. Innimellom kjem me på surf på bølgjene, og det er ein fryd å kjenna at fjorden løftar oss innover i rett retning. Eg tenkjer på vêrmeldinga eg sjekka på land – ei stor sol lyste mot meg på langtidsvarselet.

– Kva er planen for morgondagen? spør eg, med Store Uranostind i tankane.

– Er de med på å gå frå 0 til 2157 meter over havet?

Eit dumt spørsmål, sjølvsagt, for det er jo klart dei er med på det.

 

4 tips som kan resultera i nye turvenner:

Par i vener: Frode Thuen og Malene Vilnes-Bakke gir gode historier og råd om vennskap på land og til vann. Foto: Christin Eide

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy