3249 Views

Heilårspadling åleine

Åleine på sjøen. Nesten ingen båttrafikk. Stille sjø, klare blå fargar. Opplevinga ved å gli roleg rundt eit nes i kajakk er flott. I ei vik ligg to otrar og slappar av i sola. I det eg vert oppdaga, byks dei opp og smett raskt ned i sjøen.

Juni 14, 2012
Skrevet av:

Gjesteforfatter

Ei havørn står på ein topp og skuar utover. Når eg kjem for nær, breier den vengene ut og flaksar vekk. Ikkje noko bilete av ørna i dag heller..Vinterpadling. Ei fantastisk tid å padle på. Du har nesten heile havet for deg sjølv. Ro og fred i sjela. Einaste lyden er dråpane frå åra.

 

 

Om du er tidleg oppe, kan du få med deg fine soloppgangar.

 

Om vinteren er det også mykje lettare å kome i kontakt med fugle- og dyrelivet langs kysten vår, og særleg om du padlar åleine. I mine padleområde er det vanleg å sjå oter, sel, nise og ei rekkje ulike fugleartar. Å sjå havørn, er ei spesiell oppleving. Viss du er særs heldig, kan du også møte på kval. Frå 15.oktober til 15. april, treng du ikkje unngå fuglereservata. Det er fri ferdsel i denne perioden.

 

Nokre vil påstå at det å padle åleine om vinteren, er risikofylt. Men det å padle åleine eller saman med andre, er eigentleg to ganske ulike ting. Når du er saman med andre, er det fleire som er med på å ta avgjerslene. Om du skulle ha bruk for det, er det andre der og reddar deg. Dette gjer at du tek meir sjansar. Du kastar deg frampå, får nye erfaringar og tør meir.

 

 

Fyra kan vere til god hjelp viss du må navigere i mørkret.

 

Når du er åleine, er det berre deg sjølv og dine eigne vurderingar. Du tek mindre sjansar, men du er også åleine om alle avgjerslene. Du gjer ikkje noko du er usikker på. Difor meiner eg at det å padle åleine, er minst like trygt som å padle saman med andre. Men det er viktig å vere godt kjend med deg sjølv som menneske og padlar.

 

 

Om du er i ukjende område, er kart og kompass viktig.

 

Ein ting som i alle fall er tryggare om vinteren, er båttrafikken. Det er stort sett rutegåande båtar som er ute på sjøen i denne årstida. Og dei få fritidsbåtane du møter, har eit kompetent mannskap. Då er eg meir skeptisk til raske båtar med høg partyfaktor og baugen til vers, som du kan møte om sommaren..

 

Klede

Det er nokre ting du bør tenkje på når du skal padle gjennom heile året. Gode klede og riktig utstyr. Tørrdrakt med hette er absolutt det beste. Men ei våtdrakt er også ei grei løysing. Utan våtdrakt eller tørrdrakt ligg du ikkje lenge i sjøen, før du vert så nedkjølt at du ikkje kan gjere noko. Under tørrdrakta er det fleire lag med kle som er best. Ull inst mot kroppen, fleece ytst.

 

Ofte er dette nok, men om det er skikkeleg kaldt, kan ein ta på fleire lag med ull. Det er viktig å ikkje vere altfor tjukt kledd, sidan dette kan hemme rørslene når du skal padle. Ei vindtett lue er også viktig. Det største varmetapet, skjer gjennom hovudet. Ei god fleecelue fungerer fint. Når eg padlar vinterstid, brukar eg muffar på årene. På kalde dagar, kan det vere fint med hanskar eller vottar i tillegg til muffene. Men når det gjeld hendene, er vi veldig ulike. Nokon frys lett, andre nesten aldri.

 

 

Ei tjukk jakke er godt å ha i pausane.

 

Det er to faktorar ein skal tenkje på når ein padlar heile året: lufttemperatur og vasstemperatur. Det er viktig å kle seg rett i høve til begge. Når det gjeld vind, er det verd å merke seg at ein minus i lufta, kjennast som sju minus mot kroppen, i laber bris. Endå kaldare om du er fuktig. Særleg vind frå nord og aust, kjølar kroppen raskt ned i mine trakter. Vind som kjem ned frå fjella er jamn og iskald, og kan bli ganske sterk om vinteren.

 

Når det gjeld vasstemperatur, må du hugse at den kaldaste perioden er om våren. Difor bør du ikkje leggje tørrdrakta på hylla før sommaren nærmar seg. Til padling utaskjers, har eg også med ein tjukk dunjakke. Den er så stor at eg kan ha den på utanpå tørrdrakta når eg tek pausar. Ein fjellduk kan også vere eit godt alternativ.

 

Utstyr

Ein god vest og eit tett spruttrekk er sjølvsagt, same kor tid på året ein padlar. Men det er særleg viktig når det er kaldt i vatnet. Det er ikkje så moro å sitje i cockpiten fullt i kaldt vatn viss det er hol i trekket. Om du er trygg på rulla, er eit stramt neoprentrekk det aller beste. Elles kan ein bruke eit nylontrekk. Desse er enklare å få av, men ikkje like tette. Årer av god kvalitet må ein ha. Ei reserveåre på framdekket er også fornuftig, spesielt til heilårspadling.

 

Sidan det er færre båtar ute om vinteren, er det også mindre sjanse for å bli oppdaga av andre. Litt kjedeleg å bli sitjande lenge på ein holme med øydelagd åre. I tillegg kan det vere svært kaldt å vente på hjelp. Pumpe og årepose er også lurt å ta med på tur.

 

 

VHF  er lurt å ta med om du skal utaskjers.

 

På lengre turar, tek eg alltid med ”langtursekken” min. Denne inneheld diverse reparasjonsutstyr; litt tau, streng og gaffatape. Den inneheld også ein kniv og noko verktøy. Dette kan du få bruk for viss ror eller senkekjøl treng reparasjon, du får hol i tørrdrakta eller kajakk, eller viss du misser ei luke. Du kan også oppleve at ei fotstøtte løsner eller setet treng å festast. I denne sekken har eg også med førstehjelpsutstyr, ein varmefrakk, ekstra lue, sokkar, vottar, ekstra lys og batteri. Litt naudproviant og eit sitjeunderlag er også lurt å ha med.

 

 

Muffar er min favoritt om vinteren.

 

Går turen føre seg i ukjend landskap, er kart og kompass også på sin plass. Eit kart inneheld mykje informasjon som vi som padlarar kan få bruk for. Til dømes landingsforhold, teltstader og kvar det er tilgong på ferskvatn. Du finn også fram til tettstader, der du kan få hjelp om du treng det. Kompasset brukar du til å setje ut kursar, og til å halde kursen. Kompass montert framme på kajakken er også nyttig. Då slepp du å finne fram kompasset kvar gong du skal kontrollere kursen din. I tillegg fungerar kompasset du har montert på kajakken, uavhengig av krenginga til kajakken. I dårleg sikt, som til dømes tåke, er det fornuftig å setje kompasskursen, medan du endå ser landskapet. Eit alternativ til kart, er GPS. Men hugs at elektriske apparat kan svikte. Difor bør alltid kart og kompass vere med på tur i ukjend farvatn.

 

 

Lys på vesten er viktig!

 

Eit fotoapparat er jo ikkje akkurat ein nødvendig ting å ha med, men det er greitt å kunne dokumentere turar ein har hatt. Om du er heldig får du teke gode bilete av dyr og fuglar, og du tek vare på minna dine frå turen.

 

Kommunikasjon

Når ein padlar åleine, er det spesielt viktig med godt kommunikasjonsutstyr. Ein fullt opplada mobil, er eit minimum. Denne bør helst vere vasstett. Viss ikkje, må den vere i ein vasstett pose. Mobilen bør vere i vesten, slik at du får tak i den viss du og kajakken skil lag. Når turen går utaskjers over ei lengre periode, kan det vere greitt å ha med VHF- radio i tillegg. Denne har den fordelen at du også kan nå andre sjøfarande. Og om det er ein krisesituasjon, er det mogleg å nå kyststasjonane heile døgnet. Du får også dei siste vêrmeldingane kvar tredje time.

 

Skal du bruke VHF, treng du å ta radiosertifikat hos Telenor. Når du har med både mobil og VHF, er du godt sikra. Du bør likevel vere merksam på at det ikkje er dekning alle stader langs kysten vår. Dette gjeld både mobil og VHF. Skal du på langtur utaskjers, kan det difor vere fornuftig å ta med seg naudrakettar og naudlys i tillegg.

 

Mat og drikke

For å ha det triveleg på tur, bør ein ta med kokeapparat og matvarer, også på korte turar. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, men det gjer at turen får ein heilt anna kvalitet. Å lage mat ute om vinteren, er verkeleg kos. Om du ikkje har med kokeutstyr, bør du ha med deg ei niste på langtur i tillegg til drikke. Om vinteren tek eg alltid med varm drikke i termosen.

 

Eg tenkjer på varm, søt drikke, som førstehjelpsutstyr. For ein sterkt nedkjøla padlar, kan dette vere nok for å overleve i ei krisesituasjon. Søt saft, te eller kakao er svært godt eigna for å få varmen i seg. Det gir også energi til vidare padling. Litt sjokolade og kjeks er også fint å ha med. Dette bør vere lett å få tak i, om du treng energi raskt.

 

Eigenredning

Når du skal padle åleine om vinteren, må du ha ei eigenredning som sit godt. Det er eigentleg det same kva slags metode du brukar. Men den må øvast på, slik at du ikkje treng å tenkje på kva du skal gjere, når du verkeleg treng den. Den desidert beste redninga, er å lære rulla. Då får kroppen minimal kontakt med det kalde vatnet.

 

 

Når du skal padle åleine om vinteren, er det fornuftig å trene eigenredning ofte.

 

Om du av ein eller annan grunn må ut av kajakken, er ”re- entre og rulle”, det beste valet. Då stikk du beina inn i cockpiten, og rullar deg opp. Dette er også ein ganske kjapp metode, men du må pumpe ut vatnet etterpå. Ein annan redning, er den såkalla ”cowboy- redninga” Då tømmer du kajakken med å heve baugen opp, får deretter overkroppen opp på bakdekket, og dreg deg framover med lågt tyngdepunkt. Når rumpa er over cockpitopninga, sett du deg nedi setet.

 

Den enklaste redninga for nybyrjarar, er åreposeredninga. Då brukar du åreposen som flottør på eine padlebladet, og kjem deg opp på den sida støtta er. Sjølv padla eg i tre år, også om vinteren, med åreposeredninga som den einaste redninga eg kunne. Men den øvde eg så mykje på, slik at den sat svært godt.

 

Etter ein tur, er det fornuftig å øve litt eigenredning før ein går til land. Og du bør trene under alle forhold, også om vinteren. Då får du ein sikrare eigenredning, og du unngår å bli overraska over kor kaldt det er når det blir alvor.

 

Andre moment

Du bør alltid sjekke vêrvarslinga på førehand når du skal padle åleine. Om du vel å padle i kuling eller ikkje, kjem an på kva forhold du kjenner deg komfortabel i. Det er ikkje farleg å padle i kuling viss du tek dine førehandsreglar. Men du bør unngå å padle åleine der det er sterk frålandsvind. Poenget er at du må vere klar til å hanskast med dei vêrtypane du kan møte.

 

Tett snødrev og tåke kan vere minst like vanskeleg som sterk vind. Det å ”lese vêret” er også viktig kunnskap. Ser du at det svartnar til i horisonten, bør du vite at det er eit tett snøver som kjem. Som padlar må ein også hugse på at ein er lite synleg for andre på sjøen, og særleg når sikta er redusert.

 

 

Her var vi eit stykke til havs. Vi brukte sitjeunderlag og gaffatape for å tette holet, etter at luka forsvann.

 

Nokre gonger kan forholda forandre seg radikalt undervegs på turen. Eg har opplevd at eg har padla utover  på stille sjø, og kome att med bølgjer på ein meter. Det skal ikkje vere nødvendig å bli ”overraska” av dårleg ver. Dette er noko du må ta med i berekninga. Ver og vind kan forandre seg raskt på sjøen.

Viss du må krysse båtleia, bør du gjere det raskt og effektivt. Det er ikkje i desse områda du bør stoppe opp for å ta bilete eller lange pausar. Du bør også halde deg i nærleiken av land. Det er her du ser det meste av interesse. Du held deg unna den verste båttrafikken, og du har i tillegg kortare veg å symje til land, viss du må det. Ein annan ting du bør gjere når du padlar åleine, er å seie i frå kor du har tenkt deg, og kor lenge du blir borte.

 

Når du skal ta pausar om vinteren, bør du finne stader som ligg i le for vinden. Om du brukar litt tid på det, vil du nesten alltid finne ei lun vik. Det er ofte i løpet av pausane du vert kald. Difor kan kanskje korte pausar, sitjande i kajakken, vere eit godt alternativ til lange pausar på land. Om du har alt du treng av mat og drikke i dagsluka, får du lett tak i det ute på sjøen.

 

Om vinteren, kan is på sjøen vere eit problem. Dersom islaget er tynt, vil det bli minimalt med skade på kajakken. Viss det er tjukt, bør du unngå å bruke kajakken som isbrytar. Då kan den få skadar i baugen.

 

Padlar du i den mørke årstida, må du ha lys på vesten. Særleg om hausten, blir ein overraska over kor fort det vert mørkt.  I tillegg kan også eit ekstra lys på kajakken og refleks på åra og kajakken, vere smart. Når det vert mørkt, kan du bruke fyra langs kysten til å navigere etter. Informasjon om dei ulike fyra, finn du i sjøkartet.

 

 

Avslutning

Sjølv om du har med deg all verdas utstyr på heilårspadling, er det to ting som er viktigast. Vurdering av sikkerheit, og det å vere førebudd om noko skulle skje. Risiko og konsekvens. Det handlar om å unngå farlege situasjonar, gjere rette val. Minimere risikoen. Viss ei rute verkar vanskeleg, vel ei anna rute eller ta ein pause til veret roar seg.

 

Nokre gongar må vi som padlarar tenkje som ein seglbåtskippar som ikkje alltid kan ta den strakaste vegen. Vi må kanskje ta ein omveg for å unngå den verste båttrafikken, dei verste bølgjene eller den verste vinden. Og om uhellet likevel skulle vere ute, og sjølvredning av ein eller annan grunn sviktar, må ein vere kledd for å klare seg i kaldt vatn ei stund.

 

Viss du tenkjer på alt dette, vil du få mange fine turar heile året. Også midt på vinteren. Mange vel å leggje bort kajakken om hausten, men det er ikkje nødvendig om du har passande utstyr og god vurderingsevne.  Etter mi meining, er vinteren den finaste tida å padle på.

 

 

 

Hypotermi

Vis respekt for ver og vind. Ein fare med vinterpadling, er hypotermi (nedkjøling). Viss du opplever sterk vind og det er kaldt, og du i tillegg er våt, er dette ein reell fare. Dersom du ikkje kjenner deg klar for heilårspadling åleine, bør du bli aktiv i ein padleklubb. Då får du lære av padlarar som har meir erfaring enn deg sjølv. Eg vil også tilrå å ta kurs etter kursstigen til Norges padleforbund. Du møter mange trivelege menneske og du lærer mykje av kompetente instruktørar. Gode videoar av dei ulike eigenredningane finn du på: www.kajakk1.no

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy