2449 Views

Surfesymposium i Hoddevika

Palmehelga inviterte Gloppen padleklubb til surfesymposium i Hoddevika. Stranda ligg ytst på Stadlandet i Sogn og fjordane. Etter køyring på smale og svingete vestlandsvegar, kom eg fram til Stad Surfing seint fredag kveld. Tekst og foto: Odin Hestholm

August 03, 2016
Skrevet av:

Edmund Mongstad

Denne staden var basen for deltakarane denne helga. Her var det seng til alle, moglegheit for å lage mat, opphaldsrom og alt det andre vi trengde. Kvelden starta med litt mat og sosialt samver. Seinare på kvelden hadde instruktørane for helga, Ronny Riise og Torbjørn Nordeide, ei lita informasjonsøkt om kva dei tenkte vi skulle gjere dagen etter.

Bilde 3

Klar for bølgjene.

Delt inn etter nivå

Det vart ikkje bestemt noko heilt konkret denne kvelden, vi skulle sjå forholda an. Eit alternativ var også at vi kunne flytte oss over til Ervikstranda, om forholda i Hoddevik var mindre eigna til surfing. Henrik Silferhielm, som representerte Gloppen padleklubb hadde også nokre praktiske opplysningar og informasjon om helga.

Neste dag starta med frukost og det vart endeleg bestemt kor vi skulle vere, og korleis dagen skulle organiserast. Det vart teke avgjerd om at begge gruppene skulle vere i Hoddevika. Deltakarane vart delt inn i to grupper etter nivå og eventyrlyst. Den eine gruppa, som Ronny hadde ansvaret for, skulle halde seg i litt rolegare forhold og skulle øve på grunnleggjande ting. Den andre gruppa, som Torbjørn styrte, fekk prøve seg i litt meir sjø og fekk meir utfordingar. Denne gruppa bestod stort sett av folk som hadde surfe- erfaring frå før.

Bilde 15

Torbjørn undervisar dei vidarekomne.

Ut i brottsona

Etter litt oppvarmingsøvingar, starta Ronny si gruppe med at alle skulle ut i brottsona og velte rundt. Dette vart gjort for å sjekke at alle var komfortable med det, og for oppdage eventuelle praktiske problem som kunne oppstå. Ronny hadde ein slags «steg for steg» måte å lære frå seg på. For dei som hadde lita erfaring med vassmasser i rørsle, vart det starta med heilt grunnleggjande øvingar i starten, for så å auke på med fleire og meir avanserte ting etter kvart. Nokre demonstrasjonar av styretak vart vist på stranda. Då fekk alle høve til å følgje godt med, og høve til å stille spørsmål.

Den andre gruppa heldt seg i eit område med ein del meir bårer. Det første denne gruppa gjorde var å gå ut i brottsona utan kajakk, for å kjenne på kreftene som var i sving. Etter kvart var begge gruppene i gong med å øve på å manøvrere i forhold med store bårer. Alle fekk velje sjølv kor langt dei ville gå ut, og i kor store forhold dei ville utfordre seg i, no i starten. Alle skulle kjenne seg trygge, og ingen skulle måtte gjere noko dei ikkje syns var greitt.

Bilde 10

Nokre gongar kan det vere ei utfordring å kome seg ut gjennom bårene.

Stor utfordring

Nybegynnargruppa fekk etterkvart prøve seg på vanlege surfar, sidesurfar, og å bruke støttetak for å unngå velt. Det vart stort sett fokusert på låge støttetak. Å strekkje armen langt ut frå kroppen, i slike forhold som dette, er ikkje forsvarleg. Det er store krefter i sving i ein båre som bryt, og skadar på armar og skuldre kan lett forekome.

Etter ei lunsjpause var det ut att i bølgjene. Nybegynnargruppa starta med å øve på surfe bakover. Dette vart ei stor utfordring, då ein må tenkje omvendt av det som ein gjer til vanleg. Den andre gruppa øvde på å kontrollere surfar. Dei skulle prøve å kontrollere kva bølgje dei skulle surfe på, og kva bølgje dei skulle late gå. Det er når ein kan kontrollerer dette, at ein verkeleg kan hanskast med slike forhold.

Bilde 12

Vente på surf.

Ganske sliten

Dei fleste gjekk i land utpå ettermiddagen, godt fornøgd med dagen. Å padle i slike forhold er mykje meir krevjande enn å padle vanlege turar. Det er heile tida nye tak og mykje kanting, så ein vert ganske sliten etter nokre timar.

I 19- tida var det klart for middag. Kokken på Stad Surfing diska opp med lokalt storfekjøt med potetmos og hakka grønsaker. Til dessert fekk vi sjokoladekake av den svært mektige typen. Veldig godt og ikkje minst; det gjorde veldig godt!  Etter middagen var det tid for eit kulturelt innslag. Ein av arrangørane, Henrik,  som også er cellist, gav oss ein fin cellokonsert med musikk av blant anna Bach og Sting. Ei flott oppleving!

Neste dag var det eit nytt informasjonsmøte om morgonen. Det vart diskutert program for dagen og gårsdagen vart evaluert. Den vidarekomne gruppa hadde ein diskusjon om korleis ein best kan utføre redningar i slike forhold. Det er ikkje uproblematisk å bruke redningsline når til dømes den som reddar får surf, og den som blir redda, ikkje har det. Rundt klokka ti var gruppene ute på vatnet att. Nybegynnargruppa fekk øve på det dei hadde lært av støttetak og surfar frå dagen før. I tillegg så skulle dei prøve å fokusere på å bruke blikket denne dagen.

Bilde 13

Nok utfordringar for dei fleste.

Held avstand til brettsurfarane

Når fleire surfar i lag, er det viktig å ha kontroll på kvar dei andre er, og å berekne kvar bølgjene kjem i frå. På den måten unngår ein at ein surfar inn i andre. Det var sjølvsagt krav om at alle skulle ha hjelm under samlinga. Å få baugen på ein kajakk i hovudet, er ingen spøk. På standa var det også brettsurfarar. Desse held seg i området sør på stranda. For at det ikkje skulle skje uhell med at ein kajakk skulle hamne inn i ein brettsurfar, heldt vi god avstand til desse heile helga. Etter lunsj var det nok ein økt på vatnet, før treffet vart avslutta.

Surfesymposiet i Hoddevika var ein svært positiv erfaring. Sjølv om eg ikkje fekk padla så mykje sjølv denne gongen, observerte eg korleis instruktørane jobba med deltakarane. Det som gjekk igjen, i tillegg til det gode humøret til begge, var at sikkerheita var ivareteken heile tida. Alle deltakarane kjende seg trygge, og begge instruktørane hadde god kontroll på alle. Alle øvingar vart demonstrert grundig, og så vart dei prøvd ut i mindre bølgjer, ofte med instruktørane ståande klare i vatnet. Seinare, vart dei også prøvd ut i meir krevjande forhold.

Bilde 7

Sidesurf.

Nok til å bryne seg på

Denne helga var det ikkje så store bølgjer, men likevel nok for dei fleste å bryne seg på. Alle hjalp kvarandre heile helga med å kome seg ut i bølgjene, dra kajakkar som hadde velta til land, og å hente årer. Det var ikkje plass for at alle 20 deltakarane kunne surfe samstundes, men dette var ikkje noko problem. Etter eit par surfar, var det godt å ta ein pause for å sleppe andre til. Dessutan kan ein lære mykje av å sjå på andre.

Takk til Gloppen padleklubb og dei to instruktørane for helga. I tillegg til å lære mykje om surfing med kajakk, møter ein mange nye og gamle vener. Det var ein avslappa og god stemning under heile treffet, og det freistar absolutt til ei gjentaking.

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy