Havet ein ser frå havet

Havet sett frå havet er eit anna hav enn det ein ser frå land

Eg bestemmer meg for å gå til jobben i dag.

Eg legger merke til namnet på fjæra er passerer, at grågjessene er komne. Snart beiter dei saman med sauane i sola.

Vinden har vore ekstrem i vinter. Kajakken har lege opp ned, utandørs, surra fast med stramme tau til eit understell av tre.

Elles hadde den blåse bort, seier husverten. I dag kom lyset tidlegare enn det gjorde i går. Eg stoggar litt ved kajakken, stryk ei hand over den kvite buken, stripene og arra, seier

 

i dag skal vi ta ein tur.

 

Etter jobb, tilbake ved kajakken er eg i tvil. Skal eg halde løftet eg gav i dag tidleg? Det bles 7 m/s, og viss eg først skal ut i ukjent farvatn, vil eg ut i havet.

Som vanleg, når eg er i tvil, pakkar eg først for å sjå om det går. Om pakkinga er ein aktivitet som fører til eit sluttpunkt.

Eg kjenner på ei stor glede, er altoverskyggande rastlaus i det eg dreg på meg tørrdrakta, triv padlesekken og lukkar døra bak meg. Løyser kajakken frå taua sine, og ber henne ned, dei få metrane til det glitrande vatnet.

Denne farkosten, som også ofte er mitt framkomstmiddel i draume.

 

Eg padlar gjennom ein smal passasje, mot sola som blendar havet, der bølgene driv i ei retning, mot nord, langs utsida av øya, framfor horisonten. Ei setning står i hovudet;

 

Havet sett frå havet er eit anna hav enn det ein ser frå land.

 

Denne setninga er tenkt før, den står i det siste boka mi «Rapportar frå havet».
Det hindrar ikkje, at den er ny i dag.

_____________________________________________________________________

 

Hildegunn Dale er Bergenspoet. Blant de sju poesibøkene hennes finner du tema vi padlere kan kjenne oss igjen i, som i den nyeste «Rapporter fra havet». Hildegunn har padlet i 20 år med blant annet Bergen-Tromsø på merittlisten. Redaksjonen i Padling huket tak i henne og spurte om hun ville gi oss et skråblikk på padlingen. Sette ord på den mentale dybden vi alle kjenner på under padleturen, men som er så vanskelig å beskrive. Padlepoeten vil i denne faste spalten komme med helt nye tekster, skrevet kun til oss i Padling. De skrives underveis i året, og vil derfor påvirkes av det som skjer rundt oss og inni oss, så verken vi eller #padlepoeten aner hvor disse mentale padleturene vil gå!

Les også #padlepoetens forrige dikt «TUNGEN SOM BALANSESTAV» her!

Tungen som balansestav!

Eg skulle kome med skråblikk og djupne. Utgangspunktet er litt ute av balanse. Det kjennes litt som om eg padlar ned eit stryk, om dagen. I den gule havkajakken min, det er visualisert, det handlar om måten eg heile tida må manøvrere på, mellom stein, ord, namn, men kajakken med meg oppi fossar avgarde.

Det handlar om å bruke intuisjonen. Det handlar om finmanøvrering. Og om å gripe augneblinken.

Eg ville ikkje hatt denne positive forestillinga om å padle avgarde i vanskeleg farvatn, om det ikkje var for at eg har gjort det i 20 år.

Den første gongen, rundt øya mi, saman med ein erfaren padlar. Han sa

hald tunga rett i munnen

Vi padla under brua, og rundt eit nes, ut i meir ope farvatn og rotete sjø, på vestsida.
Ut der havet starter. Det var litt komisk. Han var óg nervøs, for ansvaret han hadde teke på seg, ovanfor meg. Eg kjente meg balansert. Interessert. I denne nye formen for kommunikasjon, i høve til utfordringa, elementa.

Sjøen var blank, svart og skvulpa ivrig i eit ti-meters belte langs berga. Han sa

rotesjø

Eg strekte ut tunga som ein balansestav. Inne i munnen. Det var den første gongen eg høyrte ordet rotesjø. Og seinare, har eg tenkt på denne setninga, hald tunga rett i munnen, og ordet rotesjø, kvar gong eg har padla rundt dette neset, forbi fyrlykta, og sett utsikta opne seg.

Mot havet. Ei erfaring set seg i kroppen. Blir kopla til staden.

Det er eit rom, uterommet, uteromma, kvar rift i øya på kartet, er eit rom, å padle inn i.

Sol, sjø og vind og berg og vekster verkar saman under ulike omstende.

Orda sit att, rundt bergknausane, riftene.

 

 

Hildegunn Dale er Bergenspoet. Blant de sju poesibøkene hennes finner du tema vi padlere kan kjenne oss igjen i, som i den nyeste «Rapporter fra havet». Hildegunn har padlet i 20 år med blant annet Bergen-Tromsø på merittlisten. Redaksjonen i Padling huket tak i henne og spurte om hun ville gi oss et skråblikk på padlingen. Sette ord på den mentale dybden vi alle kjenner på under padleturen, men som er så vanskelig å beskrive. Padlepoeten vil i denne faste spalten komme med helt nye tekster, skrevet kun til oss i Padling. De skrives underveis i året, og vil derfor påvirkes av det som skjer rundt oss og inni oss, så verken vi eller #padlepoeten aner hvor disse mentale padleturene vil gå!